9. juli 2009
Handy Woman
Som mange av dykk veit allereie så har eg altså flytta heim igjen og driv for tida og pussar opp huset eg skal leige frå mamma og pappa. Er jo greitt å få det til å sjå ut som det ikkje er pensjonistar som bur der lenger. Som du nok skjønar blir eg då sjølvsagt veldig handy i løpet av sommaren... Eg innbiller meg iallfall det. Ein ting har eg iallfall lært: Det kan vere mykje arbeid å ta ned tapet!
8. juli 2009
Man in the Mirror
Ikveld har eg sett minnemarkeringa til Michael Jackson. Eg har aldri vore ein stor fan av han. Ikkje det at eg ikkje likar musikken, eg har berre aldri sett meg inn i den. No angrar eg. Han har jo jammen meg mykje bra! Ikkje rart han blir kalla the King of Pop. (tastaturet gjekk litt fort her og eg skreiv ved eit uhell først Poop. oops, det blir noko heilt anna.) Det var ei utruleg vakker og verdig minnestund, det må eg seie. Eg beundrar dei som står han nær og som i ei slik vanskeleg tid har klart å samle tankane også rundt kven og kva som bør bli sagt og sunge denne stunda. Dei hadde virkelig gjort ein bra jobb! Greitt nok at dei er gode til slikt og har flust av kontaktar, men det må jo gjerast og tenkast gjennom likevel. Dei hadde virkelig fått til ein raud tråd gjennom alt som skjedde. Eg sat klistra til tv-skjermen og sjølv om eg greidde å stå imot lenge måtte eg til slutt gi tapt. Då brødrene sa sine siste ord til Michael trilla tårene og dei fortsette definitivt då datra kom fram til mikrofonen. Så ikveld tenker eg på familia til Michael og spesielt ungane. Det må vere forferdeleg å miste far sin i så ung alder! Eg håper virkelig at Michael trudde på Jesus så han no er i Himmelen...
Eg har funne min foreløbige favorittsong av MJ. Melodien, teksten, alt i hop - love it. Viss du har spotify kan du kopiere inn denne linken: spotify:track:72Odtn9RpwBnSWPeSbyvSm
Viss ikkje får du søke opp Man in the Mirror ein plass. Den er vel verdt minutta sine.
I'm starting with the man in the mirror
I'm asking him to change his ways
And no message could have been any clearer
If you wanna make the world a better place
Take a look at yourself and then make a change

26. juni 2009
Ho er oppstanden, halleluja!
Fortsettinga på songen skal eg der imot ikkje rette til meg sjølv. I denne augneblink har eg bestemt meg for å gjenoppta blogg-skriving.:) Håper det fortsatt er someone out there som kanskje har håpa på dette og stikk innom av og til? Dette blir berre ein kjapp liten notis, så skal det kome meir seinare. Men eg kan jo iallfall gi ei lita oppdatering på viktige hendingar den siste tida:
- Michael Jackson er mest sannsynleg død.
- Eg er ferdig utdanna sosionom!
- Bustad: Slyngstad. Jepp, eg har flytta heim igjen til heimbygda mi.
- Eg pussar opp hus! Etterkvart skal eg flytte inn i huset der farmor og farfar har budd, så for tida driv eg oppussing. I dag har eg f. eks. brukt kubein for første gang i mitt liv. Eg blir så handy!
- Jobb: Frå 1. august er eg ansatt som kyrkjelydspedagog i statskyrkja i heile Haram kommune. Eller barne- og ungdomsarbeidar, som eg likar å kalle det.
Det var ein liten smakebit. Eg skal gi oppdatering med bilete frå oppussinga seinare. I mellomtida kan du sjå den flotte annonsa eg har laga med møblar til salgs. Eg håpar nokon vil kjøpe dei snart... Om du ser nøye på hovudbiletet kan du forresten sjå at eg har god utsikt frå stovevinduet mitt!:)

25. november 2008
Prinsesse Aurora Sofie
11. november 2008
So you say I've got trouble...
Kvit jente i Malawi, attpåtil blond. Du anar kanskje kva som kjem allereie. Jaudå, sjølvsagt var det nokre gutar og unge menn der som fann det interessant. Det skal seiast at eg var positivt overraska i forhold til korleis det var i Uganda og Tanzania, for i Malawi blei dei fleste gutane litt kjent med meg før dei spurde om eg var gift eller singel. Eg er fullt klar over at det faktum eg er kvit i huda tilsvarar det same som mykje pengar og ein veg å kome seg vekk frå fattigdomen for dei som såg meg der nede, så berre slapp av - eg er ikkje blitt sååå innbilsk. Nokre spørsmål om min sivile status blei det likevel i løpet av opphaldet, og merkeleg nok var det alltid det mannlege kjønn som fann det kjekkast å prate med meg.
Til trass for at eg synast det er veldig kjekt å prate med gutar (og ikkje alltid har så mykje imot å få oppmerksomheit...), vart det ein kveld på minibussen nok til og med for meg. Då ein gut litt yngre enn meg sette seg attmed meg og var veldig ivrig etter å prate, kjende eg motstanden stige opp i meg. Episodar tidlegare den dagen gjorde at eg hadde fått nok, og då han tidleg i samtalen spurde om eg var "married or single", kom svaret "married" ganske fort ut av munnen min. Dette var faktisk einaste gongen eg laug om min sivile status for heile månaden i Malawi. Men det skulle vise seg at det straffar seg å lyge. Denne guten syntast nemleg at det var veldig interessant at eg var gift, og han spurde meg mange spørsmål om mannen min. Eg prøvde stadig å ro det vekk, men til inga nytte. Kva gjer mannen din på? Studerar, ja... Kva då? Kor lenge har de vore gifte? Har de ungar? Kva sa mannen din då du fortalde han du ville til Malawi? Korleis held de kontakta når du er her? Takk og lov at eg hadde spurt Ingve før eg reiste om å få bruke han i krisetilfelle, slik at eg hadde nokon å svare for. Så eg og Ingve gifta oss altså i fjor, vi har ingen ungar, han blei litt lei seg då eg sa eg v
ille til Malawi, men han ville eg skulle få oppleve det også, og vi held stort sett kontakta via internet, og telefon inn i mellom.
I etterkant av mitt Malawi-opphald har det blitt eit frieri og eit kjærlighetsbrev. Dessverre fekk dei nok begge svaret nei, men kven kan vel klandre dei for å prøve?;)

2. november 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)