torsdag 28. juni 2007

Ulfsætta, Carl Johan og store-Kari

Eg las i avisa i dag at ei undersøking viser at heile 18 % meiner dei kjem til å pløye gjennom minst 10 bøker i løpet av sommaren. Det er ganske mange... Eg var ein skikkelig lesehest på barneskulen, men så blei eg eit busy menneske og leselysta gjekk stille over. Men dei siste to åra held den på å snike seg innpå meg igjen - denne gleda av å leve seg inn i ei heilt anna verd som ein sjølv kan forestille seg bileta til. Det kan faktisk vere eg blir blant desse 18% i sommar!

No held eg på med ein serie av Knut Hauge som heiter "Sagaen om Ulfsætta". Absolutt anbefalt! Gamal serie - frå 70-åra, trur eg, og den omhandlar ei ætt frå 1700-talet og framover. Den er til og med på nynorsk! Bortsett frå når embedsfolk og brev blir siterte, då er det embedsmålet dansk som blir brukt. Eg liker best bøker og filmar som er/kunne vore frå virkeligheta, og gjerne vil eg lære noko også. I desse bøkene har eg lært noko (eg er snart ferdig med bok nummer IV, så eg har endå mykje igjen). Både svenskekrigen og Hans Nielsen Hauge er omtala. Og eg har endelig funne ut kven Carl Johan er! Må innrømme eg har lurt litt på kven i all verda Oslo si største gate er oppkalla etter. For alle de andre som ikkje veit det: Carl Johan var den svenskekongen som fekk æra av å få Noreg under seg i 1814. Så veit du det. Eller kanskje det berre er eg som er litt blond og ikkje veit slikt...

Poenget mitt er eigentleg at nokre setningar i eit kapittel i denne bok nr IV var veldig godt skrivne og beit seg fast i meg. Ei eldre dame i bygda er død. Ho hadde opp i gjennom åra vore mykje til besvær for bygda, sidan ho var fattig og fleire gonger hadde trengt hjelp frå dei rikare bøndene. Folkeskikken var vel heller ikkje alltid av beste sort. Men i gravferda seier presten: "Her ligger store-Kari. Hun var kjendt over den hele dal. Men ingen kjendte måske tilfulde den knudrete vei som hun havde at vandre til ende. Men også hun var en av dem hvorfor Jesus lot sitt liv."

Noko å tenke på...

tysdag 26. juni 2007

Velkommen som bloggar, Linda!

Dette blogginnlegget burde vore bra skrive, fancy, nøye gjennomtenkt, meiningsfullt osv - alt for å få ein bra start som bloggar. Men det er det ikkje. Eg fann rett og slett ut at i kveld var kvelden for å lage denne bloggen som eg har hatt planar om lenge. Kvifor eg ikkje har gjort det før? Fordi eg faktisk har vore godt fornøgd med MySpace, der eg har skrive mine bloggar, bortsett frå at ikkje utanforståande kunne kommentere. Grunnen til at eg omsider blir ein blogspottar (med meining: "har fått meg blogspot", ikkje "eg spottar bloggar") no, er mellom anna at MySpace ikkje blir så flittig brukt lenger, men mest fordi eg skal utanlands til hausten.


Tjohei! Eg skal vere utvekslingsstudent i Minneapolis, USA! Smeise... Og då er det jo greitt å kunne halde kontakta med gamlelandet gjennom ein blogg. Så her er eg. Endeleg med min eigen Blogspot. Snart klar for å legge meg, sidan eg har tidlegvakt i barnehagen i morgon. I kveld har vi hatt sommarfest i barnehagen, og grilla og kosa oss. Som eit illustrasjonsbilete får de nyte synet av meg og Marie som et pølser i Frognerparken.


Velkommen innom bloggen min, og håper du kjem hit fleire gongar!