laurdag 21. juli 2007

Salem Al Fakir - This Is Who I Am

Denne veka er det Moldejazzen, eit årleg høgdepunkt. Nokre konsertar der byr stadig på positive overraskingar. I år var det Salem Al Fakir som blei den store helten! Fantastisk!!! Vanvittig talentfull fyr, knallflink å spele, synge, herlig musikk, kommuniserte veldig bra med publikum, utstråling, sjarm og den mest energiske personen eg nokon gong har sett! Han kom på scena 1.30 på natta og hoppa og sprang på scena i ein time - utan å høyrast sliten ut! Er det mulig... Å med det gode humøret fekk han iallfall meg våken igjen. Herlig fyr. Han er veldig populær i Sverige for tida, og eg gler meg til eg snart får cden i posten... Eg reiser på slektstreff på Stadt, så til Lene på Huglo, og så til slutt til UL i Haugesund no, så kos deg med å bli kjent med Salem Al Fakir medan eg er vekke.;)

søndag 15. juli 2007

Sta som eit esel


Opp i gjennom har eg ofte fått høyre eg er sta som eit esel, ja, til og med som to esel. Med førstehands kjennskap til dette vil eg no seie meg ueinig.

Familia mi er på ferie. Både foreldra mine og alle søskena mine med familiar har stukke av med sine campingvogner, og åleine igjen set eg. Utan ein gong å få spørsmål om å vere med! Der imot har eg fått æra av å ha ansvaret for fire sauer (to søyer med kvart sitt lam), ei kattemor med fire kattungar, tre høner, ein hane, fire kyllingar, ti kaniner og eit esel. Det skal her seiast at det meste tilhøyrer barnehagen, men sidan den er eigd og driven av familia vår, så blir dyra der også mitt ansvar når dei andre reiser på ferie.

I barnehagen har vi altså eit esel, Dyre Amadeus. Sidan esel ikkje likar å vere åleine går han saman med sauene, men Dyre Amadeus har ein lei tendens til å bite i desse. Han har sikkert sine grunnar, særleg med verlammet som han kan bli lei av øver seg på å stonge i han, men han bit også for å få all oppmerksomheta sjølv. Dyre Amadeus likar nemleg ikkje at eg klappar sauene også, og ikkje berre han. Og sauer har ikkje noko å forsvare seg med, for dei verken bit, stongar (med mindre det er verar) eller sparkar, så hjelpelause kan dei berre springe vekk av smerte når Dyre Amadeus bit. Kva gjer eg då? Eg blir sint og kjeftar og daskar til han. Kva gjer Dyre Amadeus då? Han blir sint og fornærma på meg. Og eit esel er ikkje berre fornærma til eg klappar det igjen, neidå, eit esel er langsint! Det har gått minst fire dagar no sidan eg først kjefta på han, og forholdet vårt går sakte, men sikkert framover igjen. Etter først å gå nedover, vel og merke. To dagar etter stemninga begynte å bli amper, så glefste han faktisk etter handa mi to gonger, i tillegg til å legge hovudet på sauen for å bite så fort han fekk sjansen - berre for å teste og trasse meg. Veldig likt ein treåring i trassalderen. Eselet lever virkelig opp til det å vere sta, og det gjeld ikkje berre på det å gå framover når det sjølv vil. Eit eksempel: Han vi kjøpte eselfolen frå fortalde at eselet vårt ikkje ville gå opp trappa til eselhuset ein dag, så han måtte drage han med seg opp trappa og inn. Eselet ville ikkje ha noko å gjere med han på ei heil veke etterpå.

Eg ser at eg og Dyre Amadeus har ein del likhetstrekk:
- Begge meiner vi å ha rett.
- Vi vil gjere ting i vårt eige tempo, noko som ikkje alltid går så fort.
- Begge liker oppmerksomhet.
- Begge syns kos er ein fin ting, iallfall når vi sjølv ønsker det
- Ingen av oss liker å bli kjefta på.
- Vi er einig i at det ikkje er så artig å gå åleine heile tida. Sosialt fellesskap er viktig.

Likevel har vi også våre ulikheiter:
- Dyre Amadeus er snarsint, noko eg og kan vere, men ikkje i så stor grad som han.
- Dyre Amadeus er langsint, noko eg ikkje er.
- Dyre Amadeus bit, blir sint og fornærma, noko eg konkluderar med gjer han til konfliktskapande, og eg trur til og med han liker konfliktar. Eg tier heller stille og godtek mykje i håp om å unngå konfliktar.

Kanskje har eg litt å lære av eselet når det gjeld å seie ifrå til den det gjeld når eg er ueinig i noko. Men så langsint og fort fornærma er eg iallfall ikkje, eg kan faktisk godta andre sine meiningar i litt større grad enn han(!), så ikkje snakk om at eg er like sta som eit esel!

onsdag 4. juli 2007

For første gong i mitt liv


Søndag sprang eg berrføtt på ei mark med mykje kvitkløver. Eg er stor fan av å gå utan sko og sokkar, og på ei mark er dette spesielt godt. Denne gongen førte denne "berrføttheita" mi, om ein kan kalle det det, til ein spesiell opplevelse for meg. Ei mark med kvitkløver tiltrekker seg nemleg noko meir enn berre nakne føter.

Slik fekk eg mitt første humlestikk. Eg har fått kvepsestikk ein gong før, så eg forstod kva det var som stakk så merkelig inn under foten min. Men så fekk eg på aloe vera-krem, og etter ca to minutt kjente eg ikkje noko meir. Eg såg det hovna såvidt litt opp til å begynne med, og nokre få gonger har det kleia i nokre sekund. Men: that's it. Skuff.

Kimer i klokker

Eg har komt i aldaren for giftarmål. Iallfall har mange av venene mine komt i denne aldaren (vi er vel og merke like gamle...), noko som somme tider gjer meg til bryllaupsgjest. Denne sommaren blei det to slike celebre feiringar, og for å gjere dei raskt unna var dei sette til to helger etter kvarandre. Særdeles triveleg!:)

Først bar det til Mandal (Sørlandet, for geografiville) og innstifting av ekteskapet mellom Karianne Walvick Dahl og Lars Rune Landås. Eg og Karianne gjekk i klasse ilag på Kongshaug Musikkgymnas, og hadde mykje artig ilag der. Det var meg ei stor glede å sjå gutegale Karianne slå seg til ro.;)

Karianne og pappa Tom på veg opp kyrkjegolvet.

Karianne og Lars Rune

Søt brudesvein og brudepike:)

Neste bryllaup stod i ei kyrkje på Averøy, Nordmøre. Der var det Silje Smenes og Geir Henning Tunheim som blei gifte. Geir Henning og eg har gått på bibelskule ilag, og Silje og eg har budd saman dette året (for å gjere ei lang "korleis kjenner vi kvarandre"-historie kort).


Med fem års erfaring ilag som kjærastar, var ikkje kyssing på trappa noko stor utfordring.

Silje og Geir Henning.

Vennebilete

Eg og Kristine Hole.

Då er spørsmålet: Kven blir nestemann/-kvinne ut?