torsdag 30. august 2007

Ei lita oppdatering

No er det ganske seint her i USA, men eg ville gi litt livsteikn frå meg her på bloggen før eg går til sengs. (ps: klikk på bilete for å få det større.) Eg har vore i Minneapolis i to døgn no, og eg har det BRA!:) Veldig bra. Vi er 19 norske studentar, og til no har programmet stort sett bestått av informasjon, handling osv for oss. I dag har vi mellom anna ete pizza på Davanni's Pizza, ganske nært skulen. I kveld har eg faktisk vore på Mall of America, som er USA sitt største kjøpesenter. Det er svært!!! Med tivoli i midten! Wow... Eg tok både berg- og dalbane, spøkelsestog gjennom eit spøkelseshus og tømmerrenne. Så pysete som eg er, så er eg ganske stolt av meg sjølv. Berg- og dalbana kan ikkje akkurat samanliknast med størrelsen på dei i Tusenfryd, men gale nok for meg... Men det var artig.:)

Det huset eg bur i på campus har leiligheter, og eg bur i leilighet med tre til. Vi er fordelt på to soverom, ei norsk og ei amerikansk på kvart. Her er nokre bilete av kjøkkenkroken, stova og soverommet mitt.




Doen er såklart heller ikkje heilt som i Noreg. På venstre side ser du ein hendel som vi bruker for å tappe ned. Å låse dodøra gjer ein heller ikkje med ein nøkkel som i Noreg. Og dusjen virkar ikkje sameleis heller. Vel, det er mange småting og sette seg inn i, i tillegg til større ting, som til dømes språket. Heldigvis går det betre!:) Sjølv merkar eg forskjell berre frå gårsdagen til idag, så det er lovande.






Dette er utsikta frå rommet mitt. Dei høge bygningane er sentrum i Minneapolis. Resten av byen består stort sett av lave vanlige bolighus med hage. Det er mykje grønt i byen.:) Hagar, tre, parkar... Eg har endå ikkje vore "downtown Minneapolis", men det blir nok snart. Likar byen, særleg med alt det grøne og dei vanlige privathusa. Men det er flatt...

Det bilete her blei litt misplassert. Uansett, poenget er vegen, men du må få opp eit større bilete for å sjå det. Brua som rasa ned er ganske nært skulen, og ein konsekvens av dette er at vegen utanfor Augsburg College er rimelig så tettpakka, særleg i rushtida.

Og heilt til slutt nokre bilete frå flyturen hit. Var overskya nesten heile vegen, så eg fekk ikkje sett mykje. Men eg såg isfjell! Og Grønland, som absolutt ikkje var grønt.








Og her er Per Inge, Andreas og eg. Veldig glad for at eg fekk reise saman med dei, og vi fekk til og med ordna det slik at eg fekk sitje saman med dei heile vegen. Nokre timar med Per Inge og ei natt der i huset, gjorde overgangen til USA litt lettare. Eg kjem nok tilbake på besøk til dei.



Vel, det var ein del bilete, sånn at de kan vite litt meir og samtidig ha noko å feste det til. No er det virkelig tid for å sove. Kjem til å vere skikkelig trøtt i morgon... Håpar alt er bra heime i Noreg!

søndag 26. august 2007

Forbønn? Ja takk!

Så er mi siste natt heime på Sunnmøre før jul komen. Mi siste natt i ei seng i gode gamle Noreg før jul, faktisk. Neste natt vil eg tilbringe på nattbuss, for så å vente ein del timar på Gardermoen før flyet går mot Minneapolis. Eg gler meg, gruar meg, er sliten av jobbing, pakking og ikkje minst tenking, og eg er veldig spent! Eit år på college i Minneapolis, hallo. Eg har aldri før vore i eit engelskspråklig land på ferie ein gong. Med andre ord: det her er rimeleg så fjernt for meg endå. Men om to døgn skal eg straks lande i eit land langt vekke, med tidsforskjell, ny kultur, nytt språk (om enn ikkje heilt ukjent), ny skule, ny by, nye folk, tjukke mennesker, fast food, ei bru tett i nærleiken som rasa for ikkje lenge sidan, flom osv. Treng eg forbønn? JA!!!

For dei av dykk som ber, så blir eg veldig glad om de ber for meg i tida framover! Veit det ikkje er så enkelt å hugse sånt, men kanskje du kan be ei lita bønn for meg når du les dette her iallfall? Og kanskje Gud minnar deg om å be oftare...

Her er noko eg spesielt ønskjer forbønn for den første tida mi i statane (føler meg nesten som ein misjonærutsending når eg skriv slikt;) men vi er jo alle kalla til å vere misjonærar uansett kvar vi er):

  • Reisa frå Noreg til Minneapolis.
  • At eg må få meg nokon gode vener fort!
  • Tilpassing til ny kultur, språk, skule o.l.
  • At eg må kome inn i eit kristent miljø som eg kjenner meg heime i.
  • Mot til å stå på for sanninga (skulen er luthersk og liberal) og å vere eit godt vitne for Jesus der eg er.
  • Trivsel:)

Takk, takk, takk til dei av dykk som vil støtte opp om meg på denne måten!!!

Det er makt i de foldede hender
I seg selv er de svake og små
Men mot allmaktens Gud du dem vender
Han har lovet at svar skal du få

laurdag 18. august 2007

dctalk og meg

Eg er åleine heime og har nytt den seine kvelden ved å sjå "Free at last - the movie" av dctalk (innlegget blei eigentleg skrive i natt, men internett klikka). dctalk er fantastiske! Det var ein av dei to første kristne artistane eg fekk cd av som 13-åring og fann ut at kristen musikk faktisk kunne vere bra og passe for ungdommar. No har eg altså hatt nokre mimretimar i sofaen, til trass for at eg ikkje har akkurat denne cden frå før. Og stadig blir eg imponert over kor mykje eg kan lære av å høyre på kristne artistar - ikkje berre musikken, men også alt dei har å seie på video. Tankane mine var allereie opptekne av ein del emne, men no fekk eg endå meir å tenke på. Ergo må eg skrive noko her for å sortere litt, så gjer deg klar til eit innlegg utan fast struktur, med mogleg hopping mellom emne, forholdsvis seriøs, og heile/delar av dctalk sine sangtekstar inn imellom.

"Some people gotta learn the hard way..." Kanskje kjenner du songen. Ein song som rører ved noko inni meg. Har tenkt ein del på dette i sommar. Somme må gå gjennom så mykje tøft i livet, utan å nødvendigvis ha skuld i det sjølv, som ulykker, sjukdom, dødsfall, skilsmisser, dårlege foreldre... Andre er opprørske av natur og rotar seg bort i mykje dei burde vore sparte for. Tenkte faktisk på dette då eg såg "The Walk", filmen om Johnny Cash, ein gong i sommar også. Han trudde på Gud, men han rota seg bort i mykje rart likevel. Måtte rett og slett grine av heile greia, fordi eg tenkte på så mange andre personar og historier. Så tenkte eg på kor heldig eg er. Eg er svært så forsiktig av natur, så eg er ikkje av dei som lettast rotar meg bort i rusmiddel, tjuveri og andre dårlege og farlege miljø av ymse (iallfall ikkje som "deltakar"). Ikkje dermed sagt at eg ikkje rotar det til, men oftast ikkje på områder som er godt synlege for andre. Heldigvis er det lov til å gjere feil også som kristen! "What if I stumble, What if I fall, What if I lose my grip and I make fools of us all, Will Your love continue when my walk becomes a crawl, What if I stumble and what if I fall." Heldigvis elskar Gud oss like høgt likevel! Det var jo pga at vi stadig gjer noko imot Guds vilje Han sendte Jesus hit for å ta straffa vår.

Tilbake til å lære på den vanskelege måten. Gud må jammen ha litt av ein jobb med meg! Eg er ikkje akkurat nokon kjapp elev på det åndelege planet. Eg kan forholdsvis mykje i teorien, men du og du så lite villeg eg er til å overføre det til praksis. Til dømes er ikkje eg av dei mest villege til å bruke tida mi åleine med Gud så eg kan lære Han bedre å kjenne med alle dei gode konsekvensane det vil føre til. Kanskje er eg rett og slett redd for dei konsekvensane som vil vere vanskelege for meg. Han er til dømes sikkert ikkje einig i alt eg brukar tida mi på, og har sikkert nokon utfordringar eg ikkje heilt har mot til å gå for. Og så kan eg jo ikkje fordra kritikk! Negativ altså, positiv er eg ganske god til å ta til meg.

Det at eg er så glad i å få skryt fører vidare til noko anna dei prata om (Kevin Max, Michael Tait og Toby Mac, altså). Bibelen seier nemlig at vi skal elske Gud aller høgst, høgare enn oss sjølv. Og det er ikkje lett, sjølv om det kanskje burde vore det. Eg veit ikkje om eg gjer det. Eg håpar stadig, men eg er sterkt i tvil om det stemmer. Så skal vi også sette andre like høgt som oss sjølve, og ein annan plass i Bibelen står det til og med at vi skal elske alle andre høgare enn oss sjølve. Det inkluderar dei vi ikkje likar (t.d. ein viss minister). Når eg tenker meg om kan eg nok konkludere med at eg ikkje klarer å oppfylle desse to boda. Rett og slett. Men eg vil! Trur eg... Hadde eg elska Gud over alt anna, og min neste minst like mykje som meg sjølv, så hadde eg også vore meir oppteken av og hatt større frimod til å fortelle vidare om Jesus. Hallo, det er jo ei evighet som står på spel! Kjære tid, at eg i det heile tatt klarer å sove godt om natta utan å ha fortalt ei einaste sjel om Jesus den dagen, for ikkje å snakke om den veka!

I wish we'd all been ready
(Skrive av Larry Norman, men også framført av dctalk)

Life was filled with guns and war
And all of us got trampled on the floor
I wish we'd all been ready
Children died the days grew cold
A piece of bread could buy a bag of gold
I wish we'd all been ready

There's no time to change your mind
The Son has come and you've been left behind

A man and wife asleep in bed
She hears a noise and turns her head he's gone
I wish we'd all been ready
Two men walking up a hill
One disappears and one's left standing still
I wish we'd all been ready

There's no time to change your mind
The Son has come and you've been left behind

Children died the days grew cold
A piece of bread could buy a bag of gold
I wish we'd all been ready

There's no time to change your mind
The Son has come and you've been left behind

The Father spoke the demons died
How could you have been so blind

There's no time to change your mind
The Son has come and you've been left behind

I hope we'll all be ready (you've been left behind)
I hope we'll all be ready (you've been left behind)
I hope we'll all be ready (you've been left behind)

tysdag 14. august 2007

Someday my prince will come...

Eg tok rundt han med eit varsomt, men fast grep. Så førte eg han nærare og gav han eit forsiktig kyss på munnen. Han berre heldt seg for augene.

Whatever, tenker eg etter ei stund. Ikkje at eg nokon gong har ønska ein prinsessetittel uansett, eg som ikkje ein gong kan ete med kniv og gaffel. Så var vel ikkje han den rette heller...

måndag 6. august 2007

The United States Embassy

Over 19 timar på buss og 3 1/2 time i Oslo, slik har mitt siste døgn vore. Kvifor, spør du kanskje. Jau, idag har eg vore på den amerikanske ambassaden i Oslo. Og, ja, eg er rimelig lei av å sitje på buss!

Tidleg i dag troppa eg opp på ambassaden, både trøytt, nervøs og usikker på kva som skulle skje. Ambassaden hadde ikkje opna ein gong, så eg venta ei stund før eg prøvde meg på nytt, og denne gongen hadde køa begynt. Den amerikanske ambassaden er eit artig fenomen, eigentleg ganske likt slik eg hadde sett det føre meg:
  • Eit stort svart bygg med høgt gjerde rundt.
  • Vakter som gikk rundt og hadde oversikta.
  • Vaktene var stramme (og kjekke...), i mørkeblå amerikansk uniform. Minte meg om filmen "Top Gun".
  • Sikkerheitssjekk strengare enn på norske flyplassar. Eg har fått konstatert at eg ikkje har anna metall i hovudet enn øyreringane. Betryggande.
  • Strenge reglar på kvar køa skal stå.
  • Skuddsikkert glas framfor lukene på venterommet.

Det overraskande var at rundt halvparten av dei eg snakka med var norske! Og det inkluderar dei stramme, kjekke vaktene, som i realiteten var veldig greie. Alle var faktisk veldig greie. Og eg slapp å snakke engelsk!:) Eg blei skikkelig nervøs når eg forstod eg kanskje måtte snakke engelsk i eine luka, med heile det stille venterommet fullt av folk lyttande til meg. Men heldigvis kunne ho ok norsk, så med litt blanding gjekk det så fint.:)

No er søknaden om visum i orden, og det kjem forhåpentlegvis snart i posten. Ting begynner å bli faretruande klart for å reise langt vekk... Om tre veker, 27. august, er den store dagen. Hjelpes.

laurdag 4. august 2007

UL

UL er over for i år og eg har til og med rukke og sove ut. For utanforståande er UL (Ungdommens Landsmøte) Misjonssambandet sitt årlege ungdomsstemne. I år var Haugesund den utvalgte byen, og ei veke med møter, aktivitetar, temasamlingar og konsertar samla ca 1500-2500 ungdommar (gjennomsnittleg ca 2000 på kvart møte). Det var fantastisk!

Det aller aller beste med UL i år var for min del bibeltimane. Med rimeleg mange møter på baken, er det sjeldan eg får nokon nye store oppdagingar under ein tale, men det skjedde igjen og igjen på bibeltimane i år! Ikkje det at det var så mykje eg aldri har høyrt før, men det var så bra og tydeleg sagt. Og nokon ting var rett og slett nytt for meg, som tolkinga av likninga om talentane, som endeleg fekk ting til å stemme skikkeleg for logikken min også. Ei stor takk rettast herved til Asbjørn Handeland! Bibeltimane kan etterkvart lastast ned som lydspor, men foreløpig sjåast som video her. Anbefalast!
Eg og Ingunn gjorde eit tappert forsøk på å starte singelklubb då vi oppdaga vi sat berre single rundt eit bord i matsalen. Vi var alle merkeleg nok framleis single då UL var over...
Her er eg og Ingunn, våkne og opplagte. Dersom du lurer på kva det vanvittig stilige (eg synast det er litt stilig, heilt seriøst) nøkkelbandet, eller kva det enn heiter, vi har rundt halsen er, er svaret her: som smågruppeleiarar fekk vi eit sånt band med namneskilt og tittel på. Alle andre leiarar fekk med andre ord også eit slikt band. Apropos våken... Siste dagen var eg heilt kjaurt, men prøvde tappert å halde ut. Hallo, eg er ikkje så gamal at eg må sove middag på eit ungdomsstemne! Til slutt gav eg opp å vere sosial og gjekk for ei stille stund på bønnevandringa i hallen. Der sette eg meg til rette i ein sakkosekk med ei pute bak hovudet og bad medan bandet øvde. Plutseleg vakna eg av ein hylelyd frå scena. Med andre ord: eg er så gamal at eg må sove middag på ungdomsstemne. Nedtur... Men eg var våken etterpå.:)
Eg og Silje hadde ein lang dag på Haugesund flyplass på Karmøy søndag. Den er ikkje særleg stor. Trur faktisk Vigra er større! Litt, iallfall..? Så der låg vi i ein sofa og halvsov på ein kafé med ok vaflar og dårleg kakao.

På same tid som eg skulle ønske UL kunne vare lenge til, så er det jammen godt å kome heim også. Måtte nok hatt fleire sovepauser på bønnevandringa om eg skulle halde ut lenger, iallfall. Men neste år er eg klar igjen.:) Og du blir såklart med som leiar?;)