måndag 24. september 2007

Zombiar og ultimatum

Det her er to kinobillettar, begge datert 9/23/07, eller 23. september om du vil. "Resident Evil: Extinction" er ein forferdelig zombie-film. Om den kjem til Norge, så ikkje sjå den!!! Den er dårlig og ekkel. Eg brukar å klare å ha augene opne under filmar, men med den der sat eg og myste gjennom store delar av 1 1/2 time. Og det er ikkje berre fordi eg er jente eg meinar den er dårleg, tru du meg. Kinobillettar her er billege, men du har virkelig ikkje lyst å kaste vekk ein kveld og pengar på den filmen der heime i mitt kjære fedreland. "The Bourne Ultimatum" kan du der imot gå å sjå. Det er ein typisk Bourne-film, så du veit kva du får. Utruleg kor mykje han der klarer å overleve til og med utan alvorlege skadar!

To filmar på ein kveld - det er like mange som eg brukar å sjå på kino på eit heilt år! Skal seie eg slår meg laus her.;)

Heia Twins!!!


Eg har vore på baseballkamp, og Twins vann 4-2 over Texas Rangers! Som du ser er det ein ganske så svær hall vi er i. Nokon sa at Metrodome har plass til 43 000 tilskodarar, og eg tvilar ikkje. Baseball skal visstnok vere den mest amerikanske sporten over alle sportar her borte, så det var verdt å få med seg ein kamp. Onsdagar er det ofte "student night", og med studentbevis kostar det då 4$ å kome inn, og til det blir tomt kostar pølse med brød 1$. Det er så og seie ingenting. Under 30 kr for å få sjå ein baseballkamp!


No skal det seiast at baseball ikkje er den mest spennande idretten eg har vore borti. Kampen har ni omgangar, og det er aldri snakk om å skunde seg. TRE timar tok det før den var ferdig, og då spelte dei ikkje ein gong siste halvdel av siste omgang sidan kampen allereie var avgjort.






På bilete over til venstre: Sarah B. (som eg bor på rom med), Chris og meg.
Bilete over til høgre: Sarah B. og Karen.
Bilete under til venstre: Eg og Sarah T. (også i mi leilighet).
Bilete under til høgre: Vel, eg håpar du ser kven det er.
I same slengen får eg putte inn ein takk til Chris for å ha tatt ein del av bileta.


Å observere folk var av det meir spennande, iallfall etter den første spenninga med å sjå ein ny type ballsport hadde gitt seg. Det er rett og slett ikkje vanleg å vere på kamp for å følge med og heie, men for stemninga og det sosiale sin del. Folk flest sit og pratar seg imellom og går inn og ut etter mat og drikke. Det er faktisk meir liv i pausene mellom omgangane enn under sjølve spelet. For meg som vanlegvis berre ser på fotball der eg må følge med heile tida var det ein litt vel stor overgang. Det enda for det meste med at eg sat og kika på bana utan å få med meg noko fordi det gjekk så treigt. Eg skal innrømme eg var ganske lei på slutten, men eg har lært meg nokre baseballreglar, eg har sett ein ekte amerikansk sport og ikkje minst vann Twins. Eg går ut ifrå det var verdt det.

tysdag 18. september 2007

Action i storbyen

Eg har fått inntrykk av at eg får med meg litt meir action her i byen enn dei fleste andre, sjølv om akkurat det "å få med seg" nok kan diskuterast. Litt har eg iallfall fått opplevd, så eg tenkte eg skulle dele nokre opplevingar her. Små episodar som gjer kvardagen meir spennande.;)
  1. For ei stund sidan var eg og fire andre norske på sosialkontoret for å søke om noko. Fascinerande plass. For å kome inn måtte vi gjennom sikkerhetskontroll, og to væpna vakter stod inne på venterommet. Majoriteten av klientane var afroamerikanarar, og ganske få var kvite utanom oss. Kontoret var fullt, vi sat i kø rundt 1 1/2 time, og eg blei sitjande på rada bak dei andre. Hadde det eigentleg veldig greitt der eg prata litt med dei på sida mi og studerte rommet og personane. Fekk forresten spørsmålet: "Is Norway in Russia or in Canada?".;) Ei av dei norske sat attmed ein amerikanar som begynte å kviskre til ho. Eg forstod noko var gale og spurte dei som sat rett framføre meg. Dei fortalte han ikkje likte vi prata norsk. Okei, tenkte eg, det har jo ikkje han noko med, men for all del. Så prata dei andre engelsk ei lita stund, men så sa han noko lavt igjen, og dei blei ganske så stille. Eg merka han var litt irritert, men tenkte ikkje så nøye over det. Eg var sist i køa av oss norske, og ein etter ein gjekk dei rett ut av rommet når dei var ferdig i skranken. Eg hadde kjensla av at dei kom til å gå frå meg, utan eg heilt visste kvifor, så når eg endelig var ferdig og ikkje fann igjen nokon av dei norske så blei eg ikkje overraska. Eg kika inn igjen, men ingen av dei var å sjå, så eg bestemte meg for å gå heim åleine. Prøvde rett nok å ringe han eine eg hadde nummeret til først, men han hadde slått av telefonen. Sosialkontoret var like attmed den norske Mindekirken, så for ein gongs skuld visste eg kvar eg skulle gå. Flaks. Etter ei stund ringte ei av dei andre til meg og lurte på kvar eg var, men eg hadde jo begynt å gå heim igjen då, så vi blei einige om at eg berre skulle gå så kunne vi heller snakkast når dei kom tilbake. Alle dei fire kom seinare og banka på døra. Dei kunne då fortelle kva som eigenleg hadde skjedd. Han fyren hadde nemlig trua med å drepe oss! Særleg den norske guten var han ute etter, men også vi andre var lite populære. Han skulle få vennane sine til å kome og hjelpe han. Ikkje rart dei andre blei redde - virkelig livredde. Dei hadde gått ut og gøymt seg, og hadde kika etter meg, men gått glipp av akkurat når eg kom ut. Skal seie dei blei litt bekymra når dei fann ut eg var på veg tilbake åleine. Men turen min tilbake var ganske artig, noko du får lese om i neste punkt, og eg hadde ein fin tur på sosialkontoret der eg glatt klarte å unngå å forstå eg blei drapstrua.;)
  2. Eg gjekk altså og tusla åleine heimover frå sosialkontoret. Etterkvart kom eg til ein veg eg måtte krysse utan lyskryss, og ein ganske kjekk gut i midten av 20-åra stoppa bilen sin for at eg skulle få gå over. Dei er ganske høflige slik her i byen. Eg smilte og takka og begynte mine steg over vegen. Då flaug capsen min. Akkurat som i film, sant. Utrulig komisk. Eg måtte berre flire, snudde meg og fann capsen på bakken rett bak meg, tok den i handa og fekk no gått over vegen med større hell. Han stod og venta på meg og smilte og flira også, såklart. I det han har køyrt forbi meg ropar han noko ut vinduet. Eg fikk sjølvsagt ikkje med meg kva det var i farta, tenkte det sikkert var "Are you fine?" eller noko sånt, så eg nikka og smilte. Akkurat nikking og smiling er eg ganske god på. Problemet kom då eg fekk tenkt meg om kva han eigentleg sa, for det var jo slett ikkje "Are you fine?", men "Do you need a ride or anything?". Ooops, ikkje det smartaste spørsmålet og nikke og smile til.;) Han snudde bilen, køyrde tilbake til meg, stoppa og lurte på om eg trengte skyss. Eg smilte og sa at neidå, eg kunne berre gå. Ingen skade skjedd, han køyrde igjen, og eg måtte flire for meg sjølv fordi det der er så typisk meg...
  3. Ein annan dag kika eg ut vinduet på rommet mitt og såg det var røyk bortover motorvegen. Frå stovevinduet kunne eg sjå det var ein personbil som hadde køyrt inni bakenden på ein buss. Det var faktisk rett utanfor her. Bussen hadde heldigvis ingen passasjerar og sjåføren i bilen såg ut til å kome uskada frå det. Grunnen til røyken var at bussen hadde tatt fyr oppe i eine hjørnet bake. Det var berre ein liten brann, så det var ikkje noko farlig i situasjonen, men det var spennande å sjå på. Ikkje lenge etter kom tre brannbilar, og alt var raskt under kontroll igjen.
  4. Laurdagkveld kom eg ganske seint tilbake igjen frå handletur på Mall of America. Då eg og Borghild (som eg var på shopping saman med) var på veg tilbake til skulen frå bana, fekk eg nok ein gong oppleve litt action. På andre sida av eit kryss stod ein buss omringa av ni(!) politibilar. Politiet var inni bussen og kroppsvisiterte passasjerane, og nokre av dei blei arresterte. Spennande! Dessverre er nyhetsbildet i USA ganske så kontrollert, og ikkje mange slike hendingar kjem i avisene. Dermed veit ikkje eg kva som eigentleg foregjekk.
  5. Den siste episoden skjedde same natta. Eg fekk ikkje sove, så eg opna augene igjen og kika ut vindauget. Der stod ein av skulen sine Security-bilar på parkeringsplassen utføre blokka her, og tre Security-vakter stod og lyste med lommelykt på ein person som sat inni ein bil. To andre stod utføre. Etterkvart kom han som sat inni bilen ut og sette seg på bakken. Dei to andre såg gjennom bilen og kasta noko, før dei satte seg inn og køyrde vekk. Like etterpå kom ein politibil, og ein politimann snakka med Security-vaktene og mannen. Så kom ein bil frå "medical emergency", og dei prata også og hadde ei kvit kappe rundt mannen som han hadde på seg ei lita stund. Så blei han ført vekk av Security-vaktene til ein stad eg ikkje kunne sjå, politibilen køyrde og etterkvart reiste også "ambulanse"-bilen.

Eg får oppleve litt meir av slikt her enn i Oslo, og eg ser på det som krydder i kvardagen. Og berre slapp av, eg går ikkje åleine ute etter det er blitt mørkt.

måndag 10. september 2007

Tankar frå Caedmon

I dag har eg kjøpt meg ein ny cd. Sånt skjer av og til. Denne gongen var det Caedmon's Call "Overdressed". Den er heilt ny og har fått toppkritikkar, og forventningane mine blei innfridd. Cden er herved anbefalt til alle andre heime i Norge når den ein gong kjem dit! Ein i gruppa er Andrew Osenga, som eg har skikkelig sansen for, og han lagar alltid bra musikk. Herlig. Tekstane er mange av den litt djupe sorten som eg må tenke litt over, og plutseleg ein gong i ein spesiell situasjon forstår eg det kanskje. Sånt kan eg like!:) Akkurat på musikkfronten foretrekker eg å måtte tenke litt sjølv også.

No har eg høyrt gjennom heile albumet tre gongar på rad utan pause, noko som vil seie at eg er på mi fjerde runde i skrivande augneblink, og særleg ein song har stukke seg ut i kveld. Er så trøytt at dei songane eg må tenke aller mest på får eg sette meg meir inni i morgon.;) Men eg har absolutt fått mykje å tenke på sjølv om mykje endå er skattar eg må grave meir og djupare ned i. Godt kjøp!

Her er kveldens/nattas song. Sjølvsagt mykje bedre med musikk til, men teksten er god i seg sjølv også:


Share In The Blame

don't blame the bullett for the wars you have sown
don't blame the winter when you've forgotten your coat
when you make the same deals for a hundred years
and you wanna make a change
you gotta hold up the mirror now and share in the blame

don't blame your brother for the color of his skin
don't blame your neighbor for the house he lives in
from the same cloth, we are all made of, we are just the same
you gotta hold up the mirror now and share in the blame

like a coming of age, i am learning how to say
all the failures i'm dragging behind
finding freedom to speak, freedom to release
oh, tonight i wanna make peace with you

don't blame the writer for the doubts in your head
don't blame the preacher for the lovers in your bed
when you find out that the world is round, everything is rearranged
you gotta hold up the mirror now and share in the blame

like a coming of age, i am learning how to say
all the failures i'm dragging behind
finding freedom to speak, freedom to release
oh, tonight i wanna make peace with you

don't blame the president, don't blame the king
don't blame your history for what might have been
we will be free where the grass is green and the lion is tame
if we just hold up the mirror now and share in the blame
if we just hold up the mirror now and share in the blame

torsdag 6. september 2007

Minnesota State Fair

My very first corn dog.
Eg har vore på Minnesota State Fair! Det er ein ganske stor greie. Alt er stort her, det er virkelig ikkje tull. State Fair er ein svær marknad, utstilling, tivoli, mat, mat, mat... Eit stort område er satt av til dette, og det er ein årleg tradisjon med mykje folk. No er det over, men eg rakk det altså. Sarah T. tok meg og Renate med dit søndag. Vi bor alle tre i leilighet ilag, men eg bor på rom med Sarah B. for dei som er interessert i å vite slikt.
Det var kjøka fullt med folk på State Fair. Veeeldig mange tusen, eg tør ikkje å ta noko som helst overslag, eg berre veit det var mange. Men det var kjekt å vere der ei lita stund. På bileta under ser du nokre boder, og noko dei utan høgdeskrekk kan ta på tivoliet... På området var der også fleire store hallar med utstilling av kyr, sauer, grisar, hestar og så vidare. Dette er staden å vere for bøndene! Pappa hadde likt seg her. Dessutan var det kokheitt ute, og eg skulle ønske eg kunne like varmen like godt som pappa også.















Ein svært fascinerande ting med State Fair er at så å seie all maten du kan kjøpe blir servert på ein pinne. Eg smakte altså corn dog on a stick, som er pølse i ein frityrsteikt maismjøldeig eller noko sånt. Den var litt vel søt, men ganske god. På bilete kan du sjå ei bod med "cheese on a stick", og på venstre side er ei bod med "All You Can Drink Milk $1".



Her er eg og Sarah T. på veg heim. Herlig jente.:) Kjekt å få oppleve noko som er spesielt for byen, men jammen kan det bli ganske slitsomt også. Det begynner å kome seg no, eg har blitt litt meir vant med livet her og ikkje alt er heilt nytt. Vi får sjå korleis det går når eg skal på skulen for første gong seinare idag... Om du blir i tvil, vil eg likevel berolige deg: jau, eg har det fortsatt bra!:)

søndag 2. september 2007

MOA - ikkje heilt det samme som Moa



Fornøyelsespark inni eit kjøpesenter - ikkje akkurat som i Norge. I dag har eg brukt stort sett heile dagen på å leite etter butikkar inne i Mall of America (forkorta MOA, noko som gjer at eg kjenner meg litt meir heime, trass storleiken). Det er så stort der! Kjære vene. Ein kan gå seg vill på mindre plassar. Eg var der ilag med Renate, den andre norske eg bor i leilighet saman med, og ingen av oss har retningssans. Berre slapp av, vi kom oss trygt både til og frå. Men vi gjekk og gjekk for å prøve å finne butikkar; såg på kartet at okei, no er vi aust og vi skal nord, men korleis kunne vel vi vite kva veg som då blei nord? Det positive med å ikkje ha retningssans er den ekstra trimmen ein får av å gå og gå, utan å kome fram.;)






Eg har faktisk tatt ei berg- og dalbane i fornøyelsesparken på MOA, men det var ikkje den med gule skinner som er på eit av bileta. Den blei for skummel for meg. Jepp, eg er ei jente som sterkt foretrekker å ha begge føtene på bakken, og er veldig oppteken av tryggleik. Trur eg kunne turt meir og nytt det skumle meir dersom eg hadde prata med (ehm... no begynner det... "the constructor", kallar vi det for konstruktøren på norsk..?) byggmesteren først. Eg må jo vite at berg og dalbana ikkje dett ned midt i ein sving! Og at ikkje tømmerrenna (ja, eg tok det også, og no blir her mange parantesar) plutseleg mister grepet i det den blir trekt opp ein bratt bakke. Spøkelseshuset var der imot berre artig! Då sat vi to og to i vogner og skaut på små blå lys på spøkelsa som dukka opp, og så var det om å gjere og få mest poeng. Eg tapte. Ei viktig tilleggsopplysing er at eg var mykje betre enn dei i vogna før! Eg fekk 51o poeng, min motstandar i vogna 600 poeng, og dei to andre vi reiste saman med (altså dei i vogna før) fekk 90 og 110 poeng. Not too bad, huh?
Her er litt meir fakta om Mall of America (henta frå Wikipedia):
- 390 000 kvm, derav er 290 000 butikkareal.
- Over 520 butikkar, fordelt på tre etasjar.
- Rundt 20 000 parkeringsplassar.
- Over 40 millionar besøkande kvar år, noko som gjer MOA til det mest besøkte kjøpesenteret i verda.
- Over 12 000 arbeidar på senteret.
- Kino med 14 salar.
- Du kan bli gift der, i "The Chapel of Love"!
- Akvarium med over 4500 fiskar og sjødyr.

Idag var shoppingdag. Det enda med ei knebukse og eit skopar på MOA, og eit sandalpar og mat på Target på veg heim. Stilige sko?;) Litt rart med knalloransj og lilla under blomsterskoa, men eg latar som det er blått og ikkje lilla. Heia AaFK!!!;) Du og du som eg håper dei vinn mot Lyn i morgon. Eg har då ikkje gløymt heimlandet heilt.