
Eg har vore på baseballkamp, og Twins vann 4-2 over Texas Rangers! Som du ser er det ein ganske så svær hall vi er i. Nokon sa at Metrodome har plass til 43 000 tilskodarar, og eg tvilar ikkje. Baseball skal visstnok vere den mest amerikanske sporten over alle sportar her borte, så det var verdt å få med seg ein kamp. Onsdagar er det ofte "student night", og med studentbevis kostar det då 4$ å kome inn, og til det blir tomt kostar pølse med brød 1$. Det er så og seie ingenting. Under 30 kr for å få sjå ein baseballkamp!No skal det seiast at baseball ikkje er den mest spennande idretten eg har vore borti. Kampen har ni omgangar, og det er aldri snakk om å skunde seg. TRE timar tok det før den var ferdig, og då spelte dei ikkje ein gong siste halvdel av siste omgang sidan kampen allereie var avgjort.


På bilete over til venstre: Sarah B. (som eg bor på rom med), Chris og meg.
Bilete over til høgre: Sarah B. og Karen.
Bilete under til venstre: Eg og Sarah T. (også i mi leilighet).
Bilete under til høgre: Vel, eg håpar du ser kven det er.
I same slengen får eg putte inn ein takk til Chris for å ha tatt ein del av bileta.


Å observere folk var av det meir spennande, iallfall etter den første spenninga med å sjå ein ny type ballsport hadde gitt seg. Det er rett og slett ikkje vanleg å vere på kamp for å følge med og heie, men for stemninga og det sosiale sin del. Folk flest sit og pratar seg imellom og går inn og ut etter mat og drikke. Det er faktisk meir liv i pausene mellom omgangane enn under sjølve spelet. For meg som vanlegvis berre ser på fotball der eg må følge med heile tida var det ein litt vel stor overgang. Det enda for det meste med at eg sat og kika på bana utan å få med meg noko fordi det gjekk så treigt. Eg skal innrømme eg var ganske lei på slutten, men eg har lært meg nokre baseballreglar, eg har sett ein ekte amerikansk sport og ikkje minst vann Twins. Eg går ut ifrå det var verdt det.
2 kommentarer:
okay Linda!!!!! du må virkelig lære deg forskjellen på baseball og basketball!!!!! for d va d du sa t mej at du hadde vore på!!!!! ellers, alt bra? vil gjerne ha meir oppdateringa en dag;P
men no skal ej rett og slett lage mej ei myspace-sida så ej kan legge inn ting på sidene t sånne tøffe musikara å sånnt;)
love you=)
Sorry, Kristin! Det skrivast ganske likt, så det skjedde nok berre litt kluss i den skriveprosessen. Du får prate med mej en dag du e på msn, so skal ej oppdatere dej. Ej he gitt opp, for det e alltid miss Hatlehol som e der og ikkje du.:(
Legg inn en kommentar