måndag 29. oktober 2007

Endelig skal du få høyre meir om livet mitt!;)

Tid for ei lita oppdatering. Sidan det er lenge sidan sist, veit eg ikkje heilt kvar eg skal starte. Vil du høyre om dagen i dag, kva som har skjedd sidan sist eller livet her generelt? Kanskje blir dette ein miks, vi får sjå etterkvart som innlegget tek form, men målet er iallfall at du skal få vite litt meir om livet mitt.

Noko som har oppteke ein god del av tid og tankar i det siste er praksisen min. Eg har praksis på eit senter for ungdommar som har stukke av eller blitt kasta ut heimanfrå. Dei er mellom 10 og 17 år (flest i øvre halvdel), 14 ungdommar er maksgrensa i huset, vanleg opphald er 3-5 dagar. Medan ungdommane er der må dei følge nokre reglar, som respekt, hjelpe til med vasking og forholdsvis enkle ting som det, vi har stadig kontakt med dei som har foreldreretten, familiemøter blir tilbydt og stort sett endar opphaldet med familiegjenforeining. I tillegg til å henge med ungdommane og hjelpe dei til å sjå si rolle i problema, har vi eit telefonrom der eg også jobbar. På telefonrommet går det mykje i å sette over samtalar, papirarbeid, og også nokre krisetelefonar kjem inn. I oktober har eg vore der 18 timar for veka, 8-16 på fredagar og 13-23 på laurdagar. Mykje tid har gått til dette, så eg har til tider vore ganske sliten. Heretter skal eg berre jobbe fredagane fram til jul. Eg lærer definitivt mykje der! Trivast godt og likar praksis mykje bedre enn å lese lekse og ha timar. På same tid tek det på, for eg høyrer mange triste og sjokkerande historier, og ser så mykje heilt forskjellig frå mi familie og min livssituasjon. Det er ei utfordring å ikkje ta med bekymringane heim etter jobb.

Over til eit artigare emne. Eller, eigentlig hadde det ikkje trengt å vere artig, men heldigvis har ikkje eg og datamaskina mi veldig tette band grunna mykje trøbbel. Til saka: Eg mista laptopen min i golvet her for noko sidan. Den berre datt fint av fanget mitt. Eg trudde alt gjekk bra, men det viste seg at tastaturet ikkje funka. Det går sikkert an å reparere, for dei som har peiling på slikt, men eg gjekk rett og slett til innkjøp av eit ekstra tastatur. Det funkar og eg klarer meg fint. Litt meir tungvindt, det skal eg innrømme, men det kunne vore verre.

Skule går ganske greitt, sånn generelt. Det er forferdelig mykje lekse her i landet! Om du vurderar å vere utvekslingsstudent i USA så vit at det er mykje skulearbeid. Eg har ikkje mange skuletimar, berre 8 i veka i tillegg til praksis, men eg har rundt 160 sider å lese kvar veke i lekse, og inn i mellom er det oppgåver som må skrivast. Eg har lest meir pensum på to månader her enn eg gjorde for heile forrige skuleår. Dette har mellom anna ført til innkjøp av lesebriller, noko eg har planar om å legge inn bilder av seinare.

Eg er framleis b-menneske, om nokon skulle vere i tvil. Eg har heller ikkje funne meg nokon dugande mann sidan sist, så på det planet kan du også slappe av med at alt er slik det brukar.

I dag har eg vore på konsert!:) Det var kjekt og eg kosa meg. Sidan alle eg kom på å spør var opptatt denne helga, gjekk eg åleine. Derek Webb er ein artist eg likar godt, så eg blei så glad når eg såg han skulle kome til byen! Då gjorde det ikkje noko at nesten alle andre norske studentar her er på tur til New York i helga, men eg måtte ha praksis. Derek Webb er herlig. Stort sett rolege sangar, politiske, om Gud, kjærlighet... Kona hans, Sandra McCracken var også med og var hovudartisten i første del av konserten. Det var min første konsert sidan eg kom hit, og med ein artist eg virkelig likar, så det var ein herlig opplevelse som gjorde meg i godt humør.

I kveld har eg vore på møte med Campus Outreach her på skuleområdet. Det er ein organisasjon som driv arbeid blant studentane, og kvar søndag samlast ca 30 stk på "møte" i eit lite hus dei eig her. Først er det andakt, så er det sosialt. Eg har slite med at eg ikkje har funne nokon plass eg kjenner meg heime her borte, men når eg var på mitt første møte med Campus Outreach forrige søndag, kjente eg endelig eg var heime. Du har kanskje opplevd at når du går inn i ei ny forsamling/kirke/whatever kjenner du fort om du er komfortabel der eller ikkje, basert på forkynninga og folka. Slik kjente eg altså at eg hadde funne det vi kallar ein "åndeleg heim". Dette er viktig for meg, og noko som nok vil gjere tilværelsen her litt lettare. Endeleg har eg eit kristent fellesskap der eg trivast og kjennast som den plassen eg skal vere!:)

No er du sikkert ganske lei av å lese mi oppdatering av det eg plukka ut som meir eller mindre viktige emner i farta. Som ei avslutning kan eg nemne det er Halloween her borte no, og eg har endelig funne ut korleis eit graskar ser ut inni. Folk kler seg ut og festar, og dette er tida for utfordrande utkledningar for jentene. Berre slapp av, eg har ikkje blitt så amerikanisert endå.;) Det har vore nokre nydelege haustdagar i det siste, sol og fine fargar på trea. Eg er så glad i hausten! Vel... Sol, haustfargar, gåturar, herlig konsert, møte med Campus Outreach - alt dette har gjort dagen min god og eg er i godt humør før eg straks skal legge meg.

søndag 14. oktober 2007

What, what in the butt

Sorry eg ikkje har oppdatert på aldri så lenge! Livet her er litt vel hektisk i forhold til kva den sunnmørsjenta her føretrekkjer. Ikkje det at eg alltid vil ha eit latmannsliv, men eg er berre ikkje så glad i å lese 150-200 sider i lekser kvar veke, pluss oppgåver og praksis. Praksis er kjekt, altså, men eg er ikkje lenger den store teoretikaren eg ein gong var. Skal skrive meir om livet mitt snart! Men til den tid skal du iallfall få ein video å sjå på.

Dette her er Samwell. Torsdag hadde han konsert på skulen min, Augsburg College. Hallo, er det mulig å invitere "The YouTube sensation - Samwell" når dei først skal få nokon til å halde konsert her?!?! Det her er disgusting. Eg anbefalar eigentleg å ikkje sjå denne musikkvideoen. Æsj. Og den sett seg på hjerna, det her er ein advarsel. Eg hadde timar når konserten var, så eg hadde ei god unnskulding for ikkje å vere der, men eg hadde nok ikkje vore der likevel. Fysj og fy. "What, what in the butt?". Ekling!