søndag 25. november 2007

Tur til sydlegare strøk




















Ja, kva skal eg seie? Ei helg i Hollywood er absolutt å anbefale! Eller forresten, ikkje ei helg, det trengst ei heil veke. Men ei helg er bedre enn ingenting!

Vi var 5 norske jenter som reiste ilag og bodde på eit motell i Hollywood. Helga var stappfullav inntrykk og kulturelle opplevingar. Hovudsakleg bestod den av Universal Studios, Walk of Fame, Santa Monica Beach og American Music Award. Fantastisk!:)
Og kven fann eg på Walk of Fame? Jau, sjølvaste Billy Graham hadde fått ei stjerne der. Eg har også funne ut at Johnny Depp brukar ein del større sko enn meg. Det har forresten Matt Damon også. Store herreføter, men det er bra.

Universal Studios var utrulig stilig! Fekk sjå både hus og anna brukte i kjente filmar og seriar. På eine bildet ser du meg attmed bilen og mopeden brukt i "The Bourne, Identity". Flykræsjet var forresten veldig bra laga til. Nesten skummelt med koffertar slengt rundt.

Santa Monica Beach! Pacific Blue, anyone? Her er piren! Eg prøvde å vasse i sjøen, det var kaldt...

American Music Award var veldig artig! Såg storheiter som Alicia Keys, Lenny Kravitz, Beyonce, Kirk Franklin(!), Celin Dion osv. Kongehelg! Har ingenting imot å reise tilbake til den byen der, nei! Tøffingane bak solbrillene er meg og Borghild.;)

Skikkelig fotball+David Beckham=Konge!!!


Etter fleire månadar med berre amerikansk fotball, fekk eg endelig sjå skikkelig fotball igjen. Eg veit somme stadig blir overraska over dette, men eg likar veldig godt å sjå fotball. Når laget i tillegg er LA Galaxy, der sjølvaste o store David Beckham spelar, så gjer det ikkje akkurat det heile mindre spennande.


Ja, eg har sett DAVID BECKHAM! Og vi var ganske close, etter mi meining. Eg sat på andre rad heilt nede i eine hjørnet, altså ganske nært cornerflagget. Og der tok tilfeldigvis David en corner, noko som gjorde at; jepp, han var berre nokre få meter frå meg.;)


Det høyrast ut som eg berre var opphengt i David, eg innser det. Fakta er at eg var nok av fåtalet som fulgte med på kampen og kvar fotballen haldt til, og ikkje berre stirra på David heile tida. Eg likar å bruke berre fornamnet hans, for då virkar det som vi er nære kjenningar.:P


Litt fakta: LA Galaxy spelte mot Minnesota Thunder i the Metrodome her i Minneapolis. Det var finalen i Copa Minnesota, og stillinga var 1-1 etter full tid. David hadde den målgivande pasninga for LA Galaxy. Veldig fin pasning, ellers ein heilt grei kamp for David, ikkje noko ekstraordinært. Han blei bytta ut etter ca 73 minutt, så han fekk ikkje vere med i straffekonken. Keeperen til LA Galaxy, Cronin (veldig kjekk) redda nokre straffer, og LA Galaxy vann gullpokalen!:)