søndag 25. november 2007

Skikkelig fotball+David Beckham=Konge!!!


Etter fleire månadar med berre amerikansk fotball, fekk eg endelig sjå skikkelig fotball igjen. Eg veit somme stadig blir overraska over dette, men eg likar veldig godt å sjå fotball. Når laget i tillegg er LA Galaxy, der sjølvaste o store David Beckham spelar, så gjer det ikkje akkurat det heile mindre spennande.


Ja, eg har sett DAVID BECKHAM! Og vi var ganske close, etter mi meining. Eg sat på andre rad heilt nede i eine hjørnet, altså ganske nært cornerflagget. Og der tok tilfeldigvis David en corner, noko som gjorde at; jepp, han var berre nokre få meter frå meg.;)


Det høyrast ut som eg berre var opphengt i David, eg innser det. Fakta er at eg var nok av fåtalet som fulgte med på kampen og kvar fotballen haldt til, og ikkje berre stirra på David heile tida. Eg likar å bruke berre fornamnet hans, for då virkar det som vi er nære kjenningar.:P


Litt fakta: LA Galaxy spelte mot Minnesota Thunder i the Metrodome her i Minneapolis. Det var finalen i Copa Minnesota, og stillinga var 1-1 etter full tid. David hadde den målgivande pasninga for LA Galaxy. Veldig fin pasning, ellers ein heilt grei kamp for David, ikkje noko ekstraordinært. Han blei bytta ut etter ca 73 minutt, så han fekk ikkje vere med i straffekonken. Keeperen til LA Galaxy, Cronin (veldig kjekk) redda nokre straffer, og LA Galaxy vann gullpokalen!:)

0 kommentarer: