


Ja, kva skal eg seie? Ei helg i Hollywood er absolutt å anbefale! Eller forresten, ikkje ei helg, det trengst ei heil veke. Men ei helg er bedre enn ingenting!

Vi var 5 norske jenter som reiste ilag og bodde på eit motell i Hollywood. Helga var stappfullav inntrykk og kulturelle opplevingar. Hovudsakleg bestod den av Universal Studios, Walk of Fame, Santa Monica Beach og American Music Award. Fantastisk!:)

Og kven fann eg på Walk of Fame? Jau, sjølvaste Billy Graham hadde fått ei stjerne der. Eg har også funne ut at Johnny Depp brukar ein del større sko enn meg. Det har forresten Matt Damon også. Store herreføter, men det er bra.




Universal Studios var utrulig stilig! Fekk sjå både hus og anna brukte i kjente filmar og seriar. På eine bildet ser du meg attmed bilen og mopeden brukt i "The Bourne, Identity". Flykræsjet var forresten veldig bra laga til. Nesten skummelt med koffertar slengt rundt.
Santa Monica Beach! Pacific Blue, anyone? Her er piren! Eg prøvde å vasse i sjøen, det var kaldt...


American Music Award var veldig artig! Såg storheiter som Alicia Keys, Lenny Kravitz, Beyonce, Kirk Franklin(!), Celin Dion osv. Kongehelg! Har ingenting imot å reise tilbake til den byen der, nei! Tøffingane bak solbrillene er meg og Borghild.;)




5 kommentarer:
misunneli... eg også vil tilbake! LA er ein fantastisk by... ja, blablbabla om at det er drømmens by, filmens by.. osv... men den ekje så verst berre som by heller. Stranda gjer jo det heller ikkje så gale... Men når du i tillegg får vere på dei plassane som du ser ting på tv, så er det jo gøy da!
Sånn som Central Perk da... berre for å skryte litt.. ;)
å så skryte litt enda meir her hehe...
Kos deg vidare Linda, vi snakkast til jul! JOhoooooooo!
hei du din luring. Ka meine du med at store herreføtter er bra? Hm?
Oi, godt spørsmål. Kanskje det he litt å gjer med at i mi familie he alle store føtte, og mannfolka he då såklart også store. Sia dei e handyman og virkelig menn, så forbinde ej kanskje store føtte med mandighet? I tillegg e det jo greitt at mannfolka he større føtte enn søstrene mine (ej he minst i famiia). Ehh... Gode spørsmål fortena gode svar, sorry ej ikkje kunne gi dej nokke bedre.
hehe... meir enn godt nok kjære linda:) Og eg e enig.
Høres ut som en morsom tur! Snublet tilfeldigvis over bloggen din jeg, du kjenner ikke meg:)
Legg inn en kommentar