måndag 31. desember 2007

Heim att til ho mor

Igår nytte eg å ha ein kveld heilt åleine, for første gong på fire månadar. Endelig kunne eg skru opp volumet når eg høyrde på musikk, noko eg ikkje har gjort sidan i sommar. Det var så uvant at eg ikkje klarte å ha det like høgt som eg veit eg ofte brukar her heime. Utruleg kor mykje betre cdane eg har kjøpt i USA blei når eg endelig fekk høyre dei på noko anna enn data eller iPod! Den nyaste cden av Kirk Franklin er herved vaaarmt anbefalt. Fantastisk! Men den har nok ikkje komt til Norge endå.:P

Kvelden enda med at eg blei trøytt og bestemte meg for å legge meg tidleg. Mykje søvn natta før nyttårsaftan virka fornuftig, og før klokka blei 23.00 sov eg trygt og godt i senga mi. Resultat: Klokka 05.00 vakna eg igjen og var lys vaken! Eg skal aldri meir legge meg tidleg i mitt liv!! Nei, eg har framleis ikkje fått sove igjen, og det er no over fire timar sidan eg vakna.

I staden for å ligge lenger i senga og irritere meg, tenkte eg at eg heller kan fortelle deg ei historie. Eg er veldig glad i historier frå virkeligheta, eller røynda som det heiter på godt nynorsk, og den her er sjølvopplevd og heilt sann.

20. desember fortalde eg nokre vener på Augsburg at folk brukar vanlegvis å vere snille med meg. Eg veit ikkje heilt kva det er, men til trass for at eg av og til rotar meg opp i litt ymse, eller personar virkar veldig sure når dei pratar med andre (f.eks. passkontroll), så er dei stort sett alltid blide og snille med meg. Eg kjem meg oftast fint ut av kinkige situasjonar på grunn av dette. Kanskje er det dei blonde krøllane som har skulda, eller at eg virkar så blond i meg sjølv at dei finn ut det er best dei er venlege og hjelper meg, eg veit ikkje. Det har vel gjerne ein del å seie at eg ofte ber i slike situasjonar også, om eg skal vere ærlig.

21. desember skulle eg reise heim på juleferie. Endelig heim til vakre Noreg igjen. Eg møter opp på flyplassen i god tid ilag med Renate, som eg har bodd ilag med i leilighet på campus. Vi skulle tilfeldigvis ta same fly heim. Då eg skulle sjekke inn bagasjen gav eg sjølvsagt eit ark med reservasjonsnummeret til ho som stod bak skranken. Glad og fornøgd rekna eg med at det der var fort gjort, alt var jo i orden. Det merkelige var at ho blei ståande så lenge å kike på reservasjonsnummeret mitt og dataskjermen. Det såg liksom ut som noko var gale. Eg er ein rimeleg så avslappa og roleg person av meg, så eg tenkte ikkje så mykje over det. Om noko var gale kunne ikkje eg fikse det uansett, men eg rekna med alt var greitt. Rett nok hadde eg ikkje sett skikkelig på billetten sidan sommaren, eigentleg, men eg trudde iallfall eg hugsa alt som stod på og at alt skulle vere i orden. Etter ei stund spør ho meg: "Should you by any chance have left yesterday?". Nei, eg trudde no eg hadde bestilt billett til den 21. desember. Ho kika på arket mitt og skjermen ei stund til, før ho kunne konstatere at eg hadde komt til flyplassen eit døgn for seint.

I slike tilfelle er det veldig bra å vere meg. Eg bad ei bønn til Jesus om at alt måtte ordne seg og eg måtte kome meg heim, så stod eg der å venta. Dama bak skranken fortalde ho måtte kontakte sjefen, og sjefen var såklart ikkje å finne. Eg var overbevist om at alt skulle ordne seg heilt fint, så eg stod der like avslappa som før. Når eg tenker på det no, så forstår eg jo det ikkje er så sjølvsagt alt ordnar seg når eg skal kome meg heim frå Minneapolis til Oslo på fly tre dagar før sjølve julaftan. Men der stod eg altså. Etter ei lang stund fann dama endelig sjefen, og ho (sjefen var også ei dame) ordna raskt ein ny billett til meg. Eg takka fleire gongar for at ho ordna det slik eg fekk kome heim til jul, og ho smilte og sa det var hennar julegåve til meg. Takk til Iceland Air for den!!! Og takk til Gud, eg bad trass alt Han om å ordne det.

Slik kom eg meg heim den jula her også. Utan ekstra kostnadar, og til den tid eg sjølv trudde eg skulle heim. Hadde til og med bestilt togbillett som passa med den tida eg trudde var rett, noko som til slutt passa særs godt. Eigentleg var det ganske greitt eg fekk vere i Minneapolis ein dag ekstra, den trengte eg virkelig for å få unna alt som skulle gjerast og pakkast før jul, så eg er glad og fornøgd. Komisk var det og, også då det stod på. Til tider får ein ikkje meir spenning enn ein lagar sjølv.;) Det heile minner meg ærlig talt ganske mykje om Nr. 91 Stomperud.

søndag 30. desember 2007

Tøff fjortis

Då er jula nesten over for denne gong, og eg har ikkje ein gong fått ønska mine lesarar god jul. Eg beklagar. Men eg håper virkelig at du hadde ei god jul! Eg har det veldig godt heime, det er sikkert og visst. Som sagt, jula er nesten over, men det er vel ikkje for seint å tenke litt meir over det vi faktisk feirar jul for likevel? Jesus er då trass alt både heilårig og fleirårig.

Her får du dermed teksten til ein av mine favoritt-julesongar. Om du ikkje kan den, anbefalst ein tur til YouTube så du kan høyre melodien også. Vakkert og mektig. Og tenk at Maria berre var ein ung tenåring då det her skjedde! Herlighet, den jenta var iallfall mykje modigare enn meg. Om ikkje vi andre får utgjere like store bragdar og historiske hendingar for å utføre Gud sin plan, så viser det iallfall at Gud kan bruke oss alle berre vi har villige hjerter. Å ha eit villig hjerte er slett ikkje berre, berre.

Mary, Did You Know
Mary, did you know
That your baby boy
will one day walk on water?
Mary did you know
That your baby boy
will save our sons and daughters?
Did you know
That your baby boy
has come to make you new?
This child that youve delivered
Will soon deliver you
-
Mary, did you know
That your baby boy
will give sight to a blind man?
Mary did you know
That your baby boy
will calm a storm with his hand?
Did you know
That your baby boy
has walked where angels trod?
And when you kiss your little baby
You've kissed the face of God
-
Mary, did you know?
The blind will see
The deaf will hear
And the dead will live again
The lame will leap
The dumb will speak
The praises of the lamb
-
Mary, did you know
That your baby boy
is Lord of all creation?
Mary did you know
That your baby boy
will one day rule the nations?
Did you know
That your baby boy
is Heavens perfect lamb?
This sleeping child you're holding
Is the great I am
(Buddy Greene, Mark Lowry)

I denne samanheng, med kva jula handlar om og alt Jesus har gjort for oss, vil eg også ta fram eit vers av "Her kommer dine arme små". Dette verset blir nok ikkje sunge så ofte, men det gir ei kjensle av alvoret i det heile. Vår kjære Hans Adolf Brorson har skrive ein særs innhaldsrik song om ein skal sjå på alle versa, men eg skal nøye meg med dette eine i dag:

Men, Jesus, hvordan går det til
at dog så få betenke vil
den store, store kjærlighet
som drog deg til vår jammer ned.

I same slengen er det vel greitt å få dette unnagjort også:
GODT NYTT ÅR!!!
Ikkje minst ønsker eg deg eit velsigna nytt år! Kva kan vel vere betre?:)

tysdag 11. desember 2007

Vossafår

Hugsar du den reklama her, eller? Eg hugsar den med fryd og glede, og håpar du også kan glede deg over endelig å nyte ei Vossafår-reklame igjen.:)

laurdag 8. desember 2007

Sånn er det å gå på skule i USA...

Innan ti dagar skal eg ha gjort dette av oppgåver som skal setjast karakter på:
  • Ein quiz/prøve
  • Ei oppgåve
  • Ei framføring
  • Ein eksamen
  • 10 journalar
  • Lage timeliste og skrive evaluering

I går leverte eg ei oppgåve, to dagar tidlegare leverte eg ei anna og idag hadde eg ein liten presentasjon for læraren min og sjefen min på praksisplassen. Inn i mellom alt dette er det sjølvsagt anna som skal gjerast i tillegg. Ikkje mykje tid til pause, nei, så det er vel berre å sette i gong så eg får gjort noko lekse idag også.

tysdag 4. desember 2007

Brilleslangen


"Vossafår, anbefalt ta ei so broka bridle."