Igår nytte eg å ha ein kveld heilt åleine, for første gong på fire månadar. Endelig kunne eg skru opp volumet når eg høyrde på musikk, noko eg ikkje har gjort sidan i sommar. Det var så uvant at eg ikkje klarte å ha det like høgt som eg veit eg ofte brukar her heime. Utruleg kor mykje betre cdane eg har kjøpt i USA blei når eg endelig fekk høyre dei på noko anna enn data eller iPod! Den nyaste cden av Kirk Franklin er herved vaaarmt anbefalt. Fantastisk! Men den har nok ikkje komt til Norge endå.:P
Kvelden enda med at eg blei trøytt og bestemte meg for å legge meg tidleg. Mykje søvn natta før nyttårsaftan virka fornuftig, og før klokka blei 23.00 sov eg trygt og godt i senga mi. Resultat: Klokka 05.00 vakna eg igjen og var lys vaken! Eg skal aldri meir legge meg tidleg i mitt liv!! Nei, eg har framleis ikkje fått sove igjen, og det er no over fire timar sidan eg vakna.
I staden for å ligge lenger i senga og irritere meg, tenkte eg at eg heller kan fortelle deg ei historie. Eg er veldig glad i historier frå virkeligheta, eller røynda som det heiter på godt nynorsk, og den her er sjølvopplevd og heilt sann.
20. desember fortalde eg nokre vener på Augsburg at folk brukar vanlegvis å vere snille med meg. Eg veit ikkje heilt kva det er, men til trass for at eg av og til rotar meg opp i litt ymse, eller personar virkar veldig sure når dei pratar med andre (f.eks. passkontroll), så er dei stort sett alltid blide og snille med meg. Eg kjem meg oftast fint ut av kinkige situasjonar på grunn av dette. Kanskje er det dei blonde krøllane som har skulda, eller at eg virkar så blond i meg sjølv at dei finn ut det er best dei er venlege og hjelper meg, eg veit ikkje. Det har vel gjerne ein del å seie at eg ofte ber i slike situasjonar også, om eg skal vere ærlig.
21. desember skulle eg reise heim på juleferie. Endelig heim til vakre Noreg igjen. Eg møter opp på flyplassen i god tid ilag med Renate, som eg har bodd ilag med i leilighet på campus. Vi skulle tilfeldigvis ta same fly heim. Då eg skulle sjekke inn bagasjen gav eg sjølvsagt eit ark med reservasjonsnummeret til ho som stod bak skranken. Glad og fornøgd rekna eg med at det der var fort gjort, alt var jo i orden. Det merkelige var at ho blei ståande så lenge å kike på reservasjonsnummeret mitt og dataskjermen. Det såg liksom ut som noko var gale. Eg er ein rimeleg så avslappa og roleg person av meg, så eg tenkte ikkje så mykje over det. Om noko var gale kunne ikkje eg fikse det uansett, men eg rekna med alt var greitt. Rett nok hadde eg ikkje sett skikkelig på billetten sidan sommaren, eigentleg, men eg trudde iallfall eg hugsa alt som stod på og at alt skulle vere i orden. Etter ei stund spør ho meg: "Should you by any chance have left yesterday?". Nei, eg trudde no eg hadde bestilt billett til den 21. desember. Ho kika på arket mitt og skjermen ei stund til, før ho kunne konstatere at eg hadde komt til flyplassen eit døgn for seint.
I slike tilfelle er det veldig bra å vere meg. Eg bad ei bønn til Jesus om at alt måtte ordne seg og eg måtte kome meg heim, så stod eg der å venta. Dama bak skranken fortalde ho måtte kontakte sjefen, og sjefen var såklart ikkje å finne. Eg var overbevist om at alt skulle ordne seg heilt fint, så eg stod der like avslappa som før. Når eg tenker på det no, så forstår eg jo det ikkje er så sjølvsagt alt ordnar seg når eg skal kome meg heim frå Minneapolis til Oslo på fly tre dagar før sjølve julaftan. Men der stod eg altså. Etter ei lang stund fann dama endelig sjefen, og ho (sjefen var også ei dame) ordna raskt ein ny billett til meg. Eg takka fleire gongar for at ho ordna det slik eg fekk kome heim til jul, og ho smilte og sa det var hennar julegåve til meg. Takk til Iceland Air for den!!! Og takk til Gud, eg bad trass alt Han om å ordne det.
Slik kom eg meg heim den jula her også. Utan ekstra kostnadar, og til den tid eg sjølv trudde eg skulle heim. Hadde til og med bestilt togbillett som passa med den tida eg trudde var rett, noko som til slutt passa særs godt. Eigentleg var det ganske greitt eg fekk vere i Minneapolis ein dag ekstra, den trengte eg virkelig for å få unna alt som skulle gjerast og pakkast før jul, så eg er glad og fornøgd. Komisk var det og, også då det stod på. Til tider får ein ikkje meir spenning enn ein lagar sjølv.;) Det heile minner meg ærlig talt ganske mykje om Nr. 91 Stomperud.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
du e barra best linda!!!
elle, nei, Gud e barra best, men du e kje så verst du heller.
:D
seriøst? Huske du at eg spørte deg om du va sikker på rett dato? Og du svarte liksom at klart du va sikker, e nå måte på.. HAHA!! Men du...eg vil berre understreka at du ikkje har fått kirsebær på UofM og må be om sjokoladesausen som me andre får...haha:) Håpe du e bedre!
Klem te deg
Okei, den kirsebæra e et litt sårt tema. Men ej fekk kirsebær en anna plass før jul! He allereie glømt kor... Det e berre ho eine på UofM som ikkje lika mej! Ho he dessverre lagt sin elsk hovudsaklig på Hedvig i staden. Ej skal prøve å gjer nokke med det når vi kjem tilbake.;)
Hehe, jeg var overgitt, og kanskje mer stressa enn deg da.
Men bra at det gikk bra da.
Vi kom oss hjem!
Vi gjorde det, pga mej fekk vi til og med reise ilag.;) No he ej lært mej til å dobbeltsjekke og trippelsjekke billettane mine...
Legg inn en kommentar