Eg er åleine heime og har nytt den seine kvelden ved å sjå "Free at last - the movie" av dctalk (innlegget blei eigentleg skrive i natt, men internett klikka). dctalk er fantastiske! Det var ein av dei to første kristne artistane eg fekk cd av som 13-åring og fann ut at kristen musikk faktisk kunne vere bra og passe for ungdommar. No har eg altså hatt nokre mimretimar i sofaen, til trass for at eg ikkje har akkurat denne cden frå før. Og stadig blir eg imponert over kor mykje eg kan lære av å høyre på kristne artistar - ikkje berre musikken, men også alt dei har å seie på video. Tankane mine var allereie opptekne av ein del emne, men no fekk eg endå meir å tenke på. Ergo må eg skrive noko her for å sortere litt, så gjer deg klar til eit innlegg utan fast struktur, med mogleg hopping mellom emne, forholdsvis seriøs, og heile/delar av dctalk sine sangtekstar inn imellom.
"Some people gotta learn the hard way..." Kanskje kjenner du songen. Ein song som rører ved noko inni meg. Har tenkt ein del på dette i sommar. Somme må gå gjennom så mykje tøft i livet, utan å nødvendigvis ha skuld i det sjølv, som ulykker, sjukdom, dødsfall, skilsmisser, dårlege foreldre... Andre er opprørske av natur og rotar seg bort i mykje dei burde vore sparte for. Tenkte faktisk på dette då eg såg "The Walk", filmen om Johnny Cash, ein gong i sommar også. Han trudde på Gud, men han rota seg bort i mykje rart likevel. Måtte rett og slett grine av heile greia, fordi eg tenkte på så mange andre personar og historier. Så tenkte eg på kor heldig eg er. Eg er svært så forsiktig av natur, så eg er ikkje av dei som lettast rotar meg bort i rusmiddel, tjuveri og andre dårlege og farlege miljø av ymse (iallfall ikkje som "deltakar"). Ikkje dermed sagt at eg ikkje rotar det til, men oftast ikkje på områder som er godt synlege for andre. Heldigvis er det lov til å gjere feil også som kristen!
"What if I stumble, What if I fall, What if I lose my grip and I make fools of us all, Will Your love continue when my walk becomes a crawl, What if I stumble and what if I fall." Heldigvis elskar Gud oss like høgt likevel! Det var jo pga at vi stadig gjer noko imot Guds vilje Han sendte Jesus hit for å ta straffa vår.
Tilbake til å lære på den vanskelege måten. Gud må jammen ha litt av ein jobb med meg! Eg er ikkje akkurat nokon kjapp elev på det åndelege planet. Eg kan forholdsvis mykje i teorien, men du og du så lite villeg eg er til å overføre det til praksis. Til dømes er ikkje eg av dei mest villege til å bruke tida mi åleine med Gud så eg kan lære Han bedre å kjenne med alle dei gode konsekvensane det vil føre til. Kanskje er eg rett og slett redd for dei konsekvensane som vil vere vanskelege for meg. Han er til dømes sikkert ikkje einig i alt eg brukar tida mi på, og har sikkert nokon utfordringar eg ikkje heilt har mot til å gå for. Og så kan eg jo ikkje fordra kritikk! Negativ altså, positiv er eg ganske god til å ta til meg.
Det at eg er så glad i å få skryt fører vidare til noko anna dei prata om (Kevin Max, Michael Tait og Toby Mac, altså). Bibelen seier nemlig at vi skal elske Gud aller høgst, høgare enn oss sjølv. Og det er ikkje lett, sjølv om det kanskje burde vore det. Eg veit ikkje om eg gjer det. Eg håpar stadig, men eg er sterkt i tvil om det stemmer. Så skal vi også sette andre like høgt som oss sjølve, og ein annan plass i Bibelen står det til og med at vi skal elske alle andre høgare enn oss sjølve. Det inkluderar dei vi ikkje likar (t.d. ein viss minister). Når eg tenker meg om kan eg nok konkludere med at eg ikkje klarer å oppfylle desse to boda. Rett og slett. Men eg vil! Trur eg... Hadde eg elska Gud over alt anna, og min neste minst like mykje som meg sjølv, så hadde eg også vore meir oppteken av og hatt større frimod til å fortelle vidare om Jesus. Hallo, det er jo ei evighet som står på spel! Kjære tid, at eg i det heile tatt klarer å sove godt om natta utan å ha fortalt ei einaste sjel om Jesus den dagen, for ikkje å snakke om den veka!
I wish we'd all been ready(Skrive av Larry Norman, men også framført av dctalk)Life was filled with guns and warAnd all of us got trampled on the floorI wish we'd all been readyChildren died the days grew coldA piece of bread could buy a bag of goldI wish we'd all been readyThere's no time to change your mindThe Son has come and you've been left behindA man and wife asleep in bedShe hears a noise and turns her head he's goneI wish we'd all been readyTwo men walking up a hillOne disappears and one's left standing stillI wish we'd all been readyThere's no time to change your mindThe Son has come and you've been left behindChildren died the days grew coldA piece of bread could buy a bag of goldI wish we'd all been readyThere's no time to change your mindThe Son has come and you've been left behindThe Father spoke the demons diedHow could you have been so blindThere's no time to change your mindThe Son has come and you've been left behindI hope we'll all be ready (you've been left behind)I hope we'll all be ready (you've been left behind)I hope we'll all be ready (you've been left behind)