laurdag 26. januar 2008

Nok ein gong...

Her i det store utland med så mange av dei kristne artistane eg likar, prøver eg å skaffe meg billettar til nokre konsertar inn i mellom. I haust fekk eg berre med meg Derek Webb, men etter eg fekk vite at radiostasjonen ktis arrangerar mange konsertar i området, blei det straks litt lettare å finne ut kven av store artistar som er ventande. Før jul fann eg ut Newsboys skulle kome i januar, og glad og lykkeleg bestilte eg meg billett. Dei blei utselde så fort at eg fekk meg berre ein, men eg skal fint klare å nyte ein konsert åleine. Newsboys var i Bergen i fjor, og eg var i skikkeleg dårleg humør fordi eg ikkje hadde sjanse til å reise dit då. Konserten i Bergen var visstnok prega av dårleg lyd og ikkje altfor entusiastisk publikum, så eg blei skikkelig glad når eg fann ut dei skulle kome hit og halde ein konsert som garantert ville bli bedre.

I går var den store dagen. Eg begynte planlegginga søndag med å spør nokon om korleis eg kunne kome meg dit. Konsertlokalet er på Northwestern College, 10-15 minutt her ifrå og dermed i ein annan by. Hmm... Buss dit virka visst ikkje som noko alternativ, men to personar stilte villig opp for å bringe meg ein veg kvar. Sliten etter praksis i går, var eg likevel entusiastisk med tanke på ein fabelaktig konsert i vente. Eg gjorde meg klar i full fart, sidan eg sjølvsagt fekk litt dårlig tid mot slutten, og skulle til å springe ut døra då eg fann ut eg ville ta ein ekstra sjekk på billetten. "Sat. Jan 26th." Oooops... Det var ikkje igår, men der imot i dag! Oisann, her hadde eg visst tenkt eg visste datoen og tatt feil igjen. Minner meg mistenkeleg om noko som skjedde på flyplassen for vel ein måned sidan, noko du kan lese om i eit anna blogginnlegg. Lattermild og flau måtte eg ringe Katie og Elliot og fortelle at dei trengte visst ikkje køyre meg då likevel, for eg skulle nemleg ikkje på konsert før dagen etter.

Typisk meg. Kven andre kunne det vel skjedd med? Bror min seier eg er blitt "den nye Anita" (søster), og for dei som kjenner oss så gir nok det utsagnet meining. Jaja, heldigvis kunne mine to amerikanarar vere privatsjåførane mine i dag også, og nok ein gong gler eg meg entusiastisk til konsert. I det minste kom eg ikkje ein dag for seint denne gongen.

søndag 20. januar 2008

Nokon smartare?

Her er saka: Eg får støt heile tida for tida - frå alt mogleg. Det vere seg vasken, klede, personar, dørhandtak... Dette har skjedd sidan eg kom tilbake til Augsburg etter jul og eg veit eg ikkje er den einaste som har dette problemet. Kan nokon fortelle meg kvifor dette skjer? Har det noko med kulde, luftfuktigheita eller noko totalt anna å gjere? Har DU eit forslag?

onsdag 16. januar 2008

Back in the U.S.!


Eg er tilbake! Positive sider ved USA: Starbucks (sjå bildet), Bruegger's, bra skule, små klasser, faga virkar til no veldig interessante og med gode lærarar, vennana mine her - både norske og amerikanske, Campus Outreach, metodistkirka Bethlehem, lav dollarkurs, snø, fin by, einerom(!), herlig jente eg deler leilighet med, god utsikt. Okay, eg kunne nok komt på meir, men eg er framleis i litt norsk modus og dermed trøytt allereie. Klokka er trass alt ca 22.30! Eg føler meg som mamma når eg vert trøytt så tidleg...
Vel, eg har mykje dårleg som kan seiast om dette landet og denne staden også, men for no skal eg halde meg til å nemne tre emner: mat, vind, kaldt.
Sånn, då veg iallfall alt det positive opp for det negative.:)