fredag 29. februar 2008

Og by the way...

Tanteunge nr 8 har blitt fødd!!:) 28. februar kl 06.39 norsk tid, kom ein liten gut ut av ein mørk, våt mage og befann seg plutseleg i eit lyst rom med mange rare nye ting og personar. Gratulerer til min kjære bror og svigerinne! Og dei to tanteungane mine som har fått seg ein liten bror.:)

SJÅ!!!

Ooo, min store helt! Skal love deg at det var KONGE å vere på konsert med han!! Det har vore ein draum sidan eg fekk min første cd av han då eg var 13. No har eg vel... ehmm... ni album av han, trur eg. Eg fekk med meg mi romvenninne Caris, og vi storkosa oss. Kven blir den første til å kome opp med namnet til eit av mine aller, aller største ideal? Jøye meg, så mykje Gud har lært meg og hjulpe meg gjennom gjennom songane til den karen her...

Valkamp

Ein liten smakebit av valkampen her i landet:




















Ein dag for noko sida var sjølvaste Hillary Clinton på besøk på Augsburg College! Fleire av oss norske tok turen, klare for å sjå litt av korleis ein valkamp eigenleg føregår her. Pågangen var stor og vi hutra oss gjennom ei kald ventetid i kø. Ein eller annan høgt oppe kom og handhelste på oss, altså ein som er ein del av valkampen hennar, men eg hugsar sjølvsagt ikkje kven han var. Då Hillary sjølv endelig entra scena, vart det mykje liv i dei 4000 eller noko sånt som hadde fått plass inne. Hillary blei ropa til folk blei hese, og sjølv hadde ho knappast stemme igjen etter mange valtalar.

Kven eg eigentleg vil ha til president her i landet har eg endå ikkje funne ut. Eg støttar Hillary i at noko definitivt må gjerast med helsepolitikken her i landet. Universal healthcare, slik som i Noreg, er gjerne ingen dum idé, men eg er usikker på om ho har funne ein god metode i å få det gjennomført. USA er trass alt stort, og slikt kostar pengar. Pengar er noko dei er i underskot av, mykje pga krigen i Irak. Men at familiar blir heimlause fordi dei må betale sjukehusrekninga til eit barn som blei sjuk, er heilt bort i natta. At noko må gjerast for middelklassa er eg også einig i, men så lurer eg på kva ho har tenkt å gjere med den fattigaste klassa. Då ho begynte å vase om at USA er det fremste landet i verda, der imot, var eg slett ikkje einig lenger. Dei nemnde mellom anna at USA er fremst på teknologi, men om ikkje eg tek feil så er det vel Japan som for tida innehar den tittelen. Presentasjonen av ho, der dei sa at USA treng ein sterk leiar og heile verda treng ein sterk leiar, var eg heller ikkje så fornøgd med. Eg undrast på når dei skal forstå at dei slett ikkje er fremst i verda på så mykje lenger.

Det blir spennande å sjå kven som blir nominert etterkvart, og kven som til slutt vinn valet. Eg har for tida to ord for det heile: forvirrande og fascinerande.

tysdag 5. februar 2008

Lommelegen

What if I Stumble
dcTalk

[The greatest single cause of atheism in the world today
Is Christians who acknowledge Jesus with their lips
Then walk out the door and deny him by their lifestyle.
That is what an unbelieving world simply finds unbelievable.]

What if I stumble?
What if I fall?

Is this one for the people?
Is this one for the Lord?
Or do I simply serenade for things I must afford?
You can jumble them together, my conflict still remains
Holiness is calling, in the midst of courting fame
Cause I see the trust in their eyes
Though the sky is falling
They need Your love in their lives
Compromise is calling

What if I stumble, what if I fall?
What if I lose my step and I make fools of us all?
Will the love continue when my walk becomes a crawl?
What if I stumble, and what if I fall?
What if I stumble, what if I fall?
You never turn in the heat of it all
What if I stumble, what if I fall?

Father please forgive me for I can not compose
The fear that lives within me
Or the rate at which it grows
If struggle has a purpose
On the narrow road you've carved
Why do I dread my trespasses will leave a deadly scar
Do they see the fear in my eyes?
Are they so revealing?
This time I cannot disguise
All the doubt I'm feeling

What if I stumble, what if I fall?
What if I lose my step and I make fools of us all?
Will the love continue when my walk becomes a crawl?
What if I stumble, and what if I fall?
What if I stumble, what if I fall?
You never turn in the heat of it all
What if I stumble, what if I fall?
What if I stumble?

Everyone's got to crawl when you know that
You're up against a wall, it's about to fall
Everyone's got to crawl when you know that (2x)

I hear You whispering my name [You say]
"My love for You will never change" [never change]

What if I stumble, what if I fall?
What if I lose my step and I make fools of us all?
Will the love continue when my walk becomes a crawl?
What if I stumble, and what if I fall?
What if I stumble, what if I fall?
You never turn in the heat of it all
What if I stumble, what if I fall?

What if I stumble, what if I fall?
You never turn in the heat of it all
What if I stumble, what if I fall?
You are my comfort, and my God
Is this one for the people, is this one for the Lord?

Det er det som kallast nåde, at sjølv om vi gjer feil - av og til grove feil, så er Gud like glad i oss likevel. Han vil vere med å hjelpe oss til å kome oss opp igjen. Tilgivelse, det er ein fantastisk ting! Tilgivelse... Vi kristne må øve oss på det, å kunne tilgi ikkje berre "store syndarar" som blir kristne, men også når vi som er kristne fell for djevelen sine triks og gjer noko gale. Å kunne tilgi ikkje berre når nokon har snylta litt på skatten, men også andre synder som frå eit menneskeleg perspektiv virkar verre. Det var jo derfor Jesus døde på korset!

Vi klarer ikkje leve fullkoment - Han gjorde det.
Her på jorda må vi ta straffa for det vi har gjort - på dommens dag har Jesus alt det på sitt eige skuldbrev så vi går fri.

Ikkje-kristne må få sjå at vi praktiserer det vi trur på: at vi tilgir dei som har snubla og dette på vegen, og vi vil hjelpe dei opp igjen så dei kan fullføre løpet sitt - sjølv med store skrubbsår på knea.