onsdag 12. mars 2008

Chicago



For to helger sidan var eg og Borghild på ein aldri så liten helgetur til Chicago. Chicago er den tredje største byen i USA, og berre ein times flytur frå Minneapolis. Det mest slåande med den byen her, iallfall for min del, var den imponerande arkitekturen. Overalt var det flotte bygningar fulle av små detaljar. Ovanfor kan du sjå the Water Tower (vanntårnet) til venstre. Det var eit av dei svært få bygga som ikkje blei berørt av den store bybrannen i 1871. Til høgre ser du Sears Tower, som er det høgste bygget i Nord-Amerika og det tredje høgste i verda. På det aller øvste biletet ser du utsikta frå Sears Tower, og du får kanskje ein liten aning om at det er rimeleg høgt? Eg kan då opplyse om at det har 110 etasjer høgt, noko som ender opp i ei høgde på 435 meter!

Desse bileta er tatt frå piren. Den er no ein ynda turistplass og har eit utal souvenirbutikkar, men den har hatt ulike roller gjennom tida. Under krigen var den for eksempel meir som ein flyplass å rekne.


Eg og Borghild var også innom eit planetarium, som vi i god tru meinte ville vere spennande. På første foredraget og stjernehimmelen somna eg, og på det andre somna Borghild... Det blei ikkje fleire museum på oss den dagen.


På biletet ovanfor har vi middag på Cheesecake Factory, før vi skulle på ein musikal. Eg fekk den beste laksen eg har smakt i statane! Mette og gode klarte vi ikkje å ete opp heile ostekakestykka vi hadde til dessert, så dei blei nytt på hotellet seinare på kvelden. I mangel på teskeier blei ostekaka for anledninga slukt ved hjelp av eit lite sugerør.


Her ser du den kjende bønna i Millenium Park. Den er ganske stilig. Biletet til høgre viser korleis det ser ut når du står midt under og kikar opp. Av andre ting vi fekk med oss kan nemnast Willow Creek Community Church, musikalen Altar Boyz, gå opp og ned Michigan Avenue, sjå The House of Blues og anna fascinerande arkitektur, som Chicago Tribune sitt bygg, og ikkje minst avslapning og mykje somn i kvar vår dobbelseng.