søndag 6. april 2008

Giraff-te

Eg er i gong med eit nytt forsøk på å lære meg å drikke te. Sjølv vil eg påsta det går ganske bra. Trikset er å ha te som smakar varm saft og ikkje har den ekle tesmaken, i tillegg til å ha i sukker og gjerne honning også. Bilete av ein giraff på pakken hjelp sjølvsagt på. Så mine teelskande vener; om de har ein te som ikkje smakar te, så kan eg nok snart joine dykk i drikkegjengen. I den samanheng vil eg også minne om at eg lenge har drukke både tyrkisk eplete og chai frå Aust-Afrika, så heilt ute av teen si verd har eg trass alt ikkje vore.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Te e godt d Linda! OG det MÅ vere sukker i te, elles smaka den bittert og æsj. Kaffi då, lika du d? Eg har aldri drukke ein kopp kaffe, men det luktar (duftar heiter det vel) nydeli, og kaffi i kaker og sånt e godt. Og Mokkabønner er min favorittsjokolade....
Klem frå May Sissel

Silje sa...

jejeje!
:)

Linda sa...

Nope, ej lika nok ikkje kaffi. Men i kake og sjokolade e det veldig godt. Det e egentlig godt heilt til det bli for mykje kaffismak. Mokkabønne e fantastisk! Men kaffe mokka bli for mykje kaffi, igjen, så det e ikkje godt.