
I påskeferien var eg på roadtrip ilag med to amerikanske venninner, Stephanie og Leah. Turen gikk til Las Vegas, og eg har no fått sett ein god del meir av USA enn eg hadde før. Som du ser på bildet var store delar av turen i flatt terreng. Eg kan herved meddele blant anna at Colorado er ein stat med store kontrastar, alt frå prærie til Rocky Mountains. Ganske fascinerande. Nebraska, der imot, er utrulig flatt og kjedelig.

Her har vi nettopp komt til Colorado, og the Pony Express (USA si første postteneste) hadde ein gong i tida ruta si gjennom denne staden. Eg og Steph poserar fint for kameraet.

På bildet over til venstre kan du sjå Rocky Mountains i det fjerne. Ut frå heilt flatt landskap dukka plutselig ei svær fjellkjede opp! Vanvittig... Det var liksom ikkje noko forvarsel, ingen gradvis auking i haugar eller noko kupert landskap i det heile, før vi plutseleg møtte skikkelege fjell. Det var nesten som å vere heime når vi kjaurde gjennom Rocky Mountains. Betre vegar her, såklart, men fjella var til tider ganske like. Det kribla i føtene mine etter å komme meg ut og opp på ein fjelltopp, men eg får vel vente 1,5 mnd til.

The Fountain. Kvar halvtime er det fonteneshow framføre Eiffeltårnet, Belaggio og andre kjente bygningar eg aldri hadde høyrt om før, og heller ikkje hugsar namnet på no.

Las Vegas er ein travel by med mykje som skjer, store flotte moderne bygningar, mykje gambling, mange prostituerte og ikkje min type by i det heile. Byen luktar pengar lang veg, både i form av dyre kjøpesenter og ørten gamblinghallar. Det er eigentlig ein veldig overfladisk by, og kallenamnet Sin City er med rette. Men for all del, det var kjekt å vere der nokre dagar og sjå korleis den er.

Her ser du Hoover Dam (over) og Lake Mead (under). Hoover Dam er USA si største demning, og frå topp til tå, altså opp til vegen som går over, er den 217,92 meter. Hoover Dam (det er berre sjølve demninga/muren) veg 6,6 mill tonn! Den var ferdig i mai 1935. Lake Mead er innsjøen som er oppdemd. Dette er like utanfor Las Vegas, og er dermed midt i ørkenen.



Landskapet i Utah. Utrulig fascinerande med ørkenlandskap! Raude fjell som ser heilt annanleis ut enn heime og slikt. Leah og Steph var visst ikkje like fascinert, men så er jo eg ei fjelljente, så eg skal vel ikkje klandre dei som trivast best på flata, sjølv om eg slett ikkje har forståing for det. Og ein liten notis: På veg til Las Vegas var alt dette dekka av snø. Snø i ørkenen er eit paradoks, spør du meg, men no har eg altså sett det også.

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar