laurdag 31. mai 2008

Utpakking

Eg held framleis på med å pakke ut all bagasjen frå året i det store utland, og ikkje minst plassere alt saman på stadar der det er mogleg å finne det att. Ikkje enkelt. Eg vil påstå utpakking er ei reise i seg sjølv. Det er så mange ting som minner meg om ulike opplevingar eg har hatt dette året, eg kjem over diverse brosjyrer og småting eg allereie hadde gløymt eg hadde, og somme ting kjem eg etterkvart på at eg framleis saknar. Om det hadde funnast sakna-annonser for min eigen bagasje, ville eg til no etterlyst: bursdagsgåva til svogeren min og ein plastpose med diverse cd-rom og eit ark med koden til virusprogrammet eg brukar. Eg har no fått meg ny laptop (altså treng eg ikkje lenger ekstra tastatur!) og vil veldig gjerne installere Trend igjen, men treng altså dette arket først. Nokon som har sett det?

søndag 25. mai 2008

Eurovision Denmark 2008 -- Simon Mathew -- All Night long SF2

Jajaja, då var endå eit Grand Prix over, eller Eurovision som det på fint heiter. Eurovision Contest til og med, kanskje? Nokre år sidan sist eg såg ein heil finale, men eg må seie kvaliteten har heva seg litt. I år var det jo heile to songar eg likte godt! Personlig favoritt: Danmark. Herleg avslappa gjeng med ein enkel og positivt lada song. Hakk i hæl: Storbritannia. Eg har ein forkjærlighet til 70-talls disco, noko som alltid gjer meg i godt humør. Danmark enda på 15. plass, og Storbritannia på 25. Av 25. Eg seier meg nøgd, det hadde vore for gale om eg likte det same som alle andre i Europa. Men eg blei overraska når resten av Noreg hadde same favoritt som meg. Ein kjekk ung kar som kan synge og spelar fotball med bandet medan dei ventar på å få kome på scena - slikt kan vi like.

torsdag 15. mai 2008

I'm back!

Ein skulle jo tru eg har droppa heile bloggkarriera mi her! Det har eg altså ikkje, eg har berre vore opptatt og nedprioritert den ei stund. Skal prøve å... ehh... "catch up" litt framover.

Fredag forlot eg Minneapolis, og når/om eg skal tilbake er uvisst. Det er sjølvsagt kjekt å komme heim igjen til familie, vennar, fjord og fjell, men det er vel berre å innrømme at eg har trivast godt i Minneapolis også, og det er nok litt av kvart eg kjem til å sakne. Spesielt nokre gode vennar eg har fått i løpet av året... Takk og lov for Skype, msn og Facebook!

Litt om reisa:
Først fly Minneapolis-Chicago. Etter nokre timar i the windy city gjekk flyturen vidare Chicago-København. Her begynte dei små problema som oppstod. Flyet var littegrann forsinka, og eg hadde i utgangspunktet berre 55 min på meg før neste fly gjekk frå København. Det tok si tid å kome seg ut av det store flyet, men til slutt var eg ute og klar til å trakke meg fram gjennom passkontroll og slikt. Litt språkforvirra og trøytt, fann eg ut det var tryggast å unngå vanskeleg dansk på min veg, så eg spurde fint etter retninga på engelsk. Då eg kom fram
til skranken der eg skulle få den siste billetten min, snakka eg automatisk engelsk til ho som sat der også. Det viste seg etterkvart at ho var svensk og prata svært forståeleg, så eg gjekk då over til ei blanding av engelsk og norsk. Ho, stakkars, prata med meg på ei blanding av engelsk og svensk. Eg rakk ikkje flyet. Det gjorde der imot bagasjen min, sjølv om dei trudde dei ordna det slik den kom med same fly som meg. Då eg tre timar etter planlagt entra Gardermoen, var der ingen bagasje å sjå. Eg spurde etter den, og den viste seg å allereie vere på eit fly til Ålesund/Vigra. Flaks eg hadde tatt meg tid til å skrive adresselappar på mine to kolli. Jaja, å få den gratis køyrd på døra heime var jo ikkje det verste som kunne skje, særleg ikkje med tanke på at det nok vog rundt 45 kg, som eg altså slapp å drage med meg rundt i Oslo. Litt kjipt å ikkje ha reine klede for døgnet mitt i Oslo etter ei så lang reise, men vennar og ei kjapp nødinnkjøpsrunde ordna på den saka.

Eg hadde ein heil dag i Oslo der eg fekk møtt mange vennar. Veldig kjekt! På morgonen var eg innom Blå Kors Kontaktsenter og møtte fleire kjentfolk. Trivelig. Ved eit bord sat ein eg kjenner, og i samtale med han kom det fram han hadde vore i Minneapolis sjølv for mange år sidan. Ein annan som stod attmed kunne opplyse at det hadde han også. Dei prata ei stund om at dei begge hadde slekt der som dei hadde besøkt. Ei dame ved det same bordet hadde nok ikkje vore ute og reist så mykje. Etter ei lita stund sa ho, dønn seriøs: "Jeg har en onkel i Bergen." Det var dagens! Eg kunne jo ikkje flire då, sjølv kor lyst eg hadde, så eg måtte ta det seriøst. Jaudå, ho hadde besøkt han, men det var lenge sidan no. Han var gift med ein bergensar, han.

Jaja, no er eg heime. Tok nattbussen og kom heim i går om morgonen. I natt har eg altså hatt mi første natt i mi eiga seng sidan juleferien, og eg merka eg treng litt omstilling til døgnrytma her. Forhåpentlegvis ordnar det seg fort. No trur eg det er tid for å pakke ut litt bagasje. Må trass alt ha det nokonlunde ryddig der til åtte tanteungar entrar huset i morgon.