søndag 25. mai 2008

Eurovision Denmark 2008 -- Simon Mathew -- All Night long SF2

Jajaja, då var endå eit Grand Prix over, eller Eurovision som det på fint heiter. Eurovision Contest til og med, kanskje? Nokre år sidan sist eg såg ein heil finale, men eg må seie kvaliteten har heva seg litt. I år var det jo heile to songar eg likte godt! Personlig favoritt: Danmark. Herleg avslappa gjeng med ein enkel og positivt lada song. Hakk i hæl: Storbritannia. Eg har ein forkjærlighet til 70-talls disco, noko som alltid gjer meg i godt humør. Danmark enda på 15. plass, og Storbritannia på 25. Av 25. Eg seier meg nøgd, det hadde vore for gale om eg likte det same som alle andre i Europa. Men eg blei overraska når resten av Noreg hadde same favoritt som meg. Ein kjekk ung kar som kan synge og spelar fotball med bandet medan dei ventar på å få kome på scena - slikt kan vi like.

2 kommentarer:

totliii sa...

Eurovision Song Contest faktisk!

eg og likte han dansken. eg stemte tilleme!! men israel va på andre plass sjå meg da.

men tenk atte tyskland ikkje havna nederst!!

forresten så trur eg dette va den fysste heile finalen eg har sitt siå kongshaug... hehe...

Anonym sa...

Hei Linda og velkoma heim! Eg også såg heile finala for første gong på lenge. Masse fine songa...og nokre mindre bra. Syns faktisk vinnaren va en av dei beste... og så Finland...-TULLA! Men Israel va fin og Norge selfølgeli ;-)
See you
May S