fredag 20. juni 2008

Tårer for Ronaldo

Denne kvelden har vore trasig. I dag har eg jobba som liksom-elektrikar saman med pappa. Merka ørten kontakter. Eg er veldig glad eg ikkje skal bli elektrikar, det hadde passa svært dårlig til både interessene og tolmodet mitt. Uansett, mitt einaste krav var at eg skulle vere heime til kampen begynte. Eg hadde endå ikkje hatt moglegheita til å sjå ein heil Portugal-kamp i EM, og dei er jo favorittlaget mitt! Og kva skjer? Jau, eg kom sjølvsagt ikkje heim igjen før 35 minutt ut i første omgang. Då eg innsåg dette kom til å skje, innrømmer eg velvillig at eg blei i svært dårlig humør. Ikkje noko smil, og minst mulig unødvendig snakking på meg i kveld. Når i tillegg Portugal tapte, var kvelden... hmm, kva seier ein som det motsatte av "fullkomen"? Eg har mest lyst å berre grine litt for meg sjølv, rett og slett. Ein telefonsamtale med Kristin letta heldigvis hjertet mitt litt, og no skal eg sjå Pacific Blue i fred og ro, i eit forsøk på å få opp humøret eit hakk eller to før eg sovnar.

Det er mykje positivt å seie om denne dagen også, først og fremst at vi har fått leilighet til hausten! Takk Gud for det!

Likevel vil eg dvele litt ved dette sorgens øyeblikk ikveld: Portugal er ute av EM, og eg fekk ikkje ein gong vere med dei gjennom dei mest skjebnesvangre augneblinka!

onsdag 11. juni 2008

Apropos EM

Vårt kjære Noreg i raudt, kvitt og blått er dessverre ikkje med i EM. Men kvifor i all verdens dager har Nederland oransj drakt? Det nederlandske flagget er då på ingen måte oransj - der imot raudt, kvitt og blått som vårt eige, etter det eg kan hugse. Og kvifor er Italia sine drakter alltid blå, når flagget er grønt, kvitt og raudt?

Er svaret kanskje: Nederland + Italia = Aalesund FK?

søndag 1. juni 2008

Tagga, men ikkje med spraymåling

Mi venninne Borghild har tagga meg, og her er reglane:
Ta opp den boka som er nærast deg. Slå opp på side 123 og finn den femte setninga. Skriv ned dei neste tre setningane. Tag fem personar, og fortel kven som tagga deg.

Boka eg har nærast meg no, er Syng for Herren, Sanger 05, med andre ord set eg ganske nært pianoet. På side 123 står dei siste versa av Himmelen tonar av lovsong, ein song eg trur har sitt opphav ein stad i Sør-Amerika. Den er skrive av P. D. Sosa. Dei setningane eg siterar blir altså frå siste verset.

Englane, songen og gleda
ventar oss heime hjå Gud.
Halleluja, halleluja!
Halleluja, halleluja!

Og eg taggar Tone Iren, Bjarne, Silje Nøkland, Silje Rasmussen og Åshild.