fredag 20. juni 2008

Tårer for Ronaldo

Denne kvelden har vore trasig. I dag har eg jobba som liksom-elektrikar saman med pappa. Merka ørten kontakter. Eg er veldig glad eg ikkje skal bli elektrikar, det hadde passa svært dårlig til både interessene og tolmodet mitt. Uansett, mitt einaste krav var at eg skulle vere heime til kampen begynte. Eg hadde endå ikkje hatt moglegheita til å sjå ein heil Portugal-kamp i EM, og dei er jo favorittlaget mitt! Og kva skjer? Jau, eg kom sjølvsagt ikkje heim igjen før 35 minutt ut i første omgang. Då eg innsåg dette kom til å skje, innrømmer eg velvillig at eg blei i svært dårlig humør. Ikkje noko smil, og minst mulig unødvendig snakking på meg i kveld. Når i tillegg Portugal tapte, var kvelden... hmm, kva seier ein som det motsatte av "fullkomen"? Eg har mest lyst å berre grine litt for meg sjølv, rett og slett. Ein telefonsamtale med Kristin letta heldigvis hjertet mitt litt, og no skal eg sjå Pacific Blue i fred og ro, i eit forsøk på å få opp humøret eit hakk eller to før eg sovnar.

Det er mykje positivt å seie om denne dagen også, først og fremst at vi har fått leilighet til hausten! Takk Gud for det!

Likevel vil eg dvele litt ved dette sorgens øyeblikk ikveld: Portugal er ute av EM, og eg fekk ikkje ein gong vere med dei gjennom dei mest skjebnesvangre augneblinka!

5 kommentarer:

Anne Mette sa...

Ronaldo har egnet seg bedre som skuespiller...Han hadde en skikkelig filming i går...Det liker vi ikke! Min medfølelse i sorgen Linda!! Håper alt er bra med deg=)GOD SOMMER!!!!!

Linda sa...

Takk for medfølelsen, Anne Mette! Portugal va dessverre ikkje så flinke, og Ronaldo filma av og til fortsatt - men han he komt sej mykje! Ellers e alt vel, og håpe det e det med dej også.:) No e Nederland mitt neste håp. God sommer!:)

Anonym sa...

Ha ha Linda du e visst håplaus.... for no e Nederland også ute!! Du får bjønde å heie på Italia då! Nei, fresten, då ryk vel dei også ut:-(
May S

Linda sa...

No va ikkje det min feil, ej lova! I kveld hadde ej nemlig ingen stor favoritt. Og ja, ej e håplaus. Laga ej heia på tape alltid!

Anonym sa...

Eg trur deg Linda;-) Dei spelte like dårli begge to, både Spania og Italia... Eg er ikkje så veldi interessert då, men helde ein liten knapp på Russland. Dei spela bra og dei ha aldri vunne før.
Ha ei super jonsokaft, helse gjengen.
May S