tysdag 30. september 2008

No stikk eg igjen

Til Malawi, denne gongen. Det er seint, bussen eg skal ta her ifrå går om litt over 4 timar, og eg må berre pakke heilt ferdig før eg legg meg for å sove ei lita stund. Det neste døgnet skal gå til å reise Oslo-London-Amsterdam-Nairobi-Lilongwe. Endestasjonen Lilongwe er hovudstaden i Malawi, som er eit lite land rett sør for Tanzania i Afrika. Der skal eg og tre andre jenter i klassa vere i ein månad og ha prosjekt. Senteret vi skal jobbe ut ifrå heiter Chisomo Youth Club og er ein samarbeidspartnar av Kirkens Nødhjelp. Oppgåva vår er mest sannsynleg å finne ut kvifor gatebarn dei har arbeidd med å føre tilbake til familia si ofte endar opp på gata igjen.

So long. Eg skal prøve å gi nokre oppdateringar medan eg er der. I mellomtida er det lov å be om at det må vere eit bra og lærerikt opphald, og at eg får leike med nokre skjønne afrikanarungar.:)

onsdag 24. september 2008

Ungdommelege kontaktannonser

Ungdommelig, kristen dame,
79 år,
ønsker kontakt med kristen, snill mann.
Allsidige interesser.


Eg kjenner eg blir lettare forvirra over min eigen identitet som ungdom når eg les slike kontaktannonser. Ikkje det at eg er imot at eldre kvinner og menn kallar seg ungdommelege, men kva er det å vere ungdommeleg? Er dei virkelig ungdommelege? Er eg ungdommeleg?

Lat oss gå til vår kjære Wikipedia:

"Ungdom er tiden mellom da man slutter med å være barn og til man er blitt voksen.

Det er vanlig å tidfeste dette til ten- årene, som begynner på tretten og slutter på nitten. Nyere lovverk gjør dette noe komplisert. Man kan stemme ved stortings- og kommunevalg det året man fyller 18 år, men må være 18 for å få førerkort for bil. For få år siden var det mulig å starte militærtjenesten før man var 18 år, men man fikk ikke kjøpe alkohol. Førerkort for buss og lastebil kan man ikke ta før man fyller 21 år. I Norge er det ikke mange aldersgrenser over 20 år lenger. Grensa for å kjøpe sprit i Norge er nå 20 år, men i USA er den fremdels 21 år, slik den var i Norge da vi hadde myndighetsalder på 21 år.

Ungdomstid som særegen tidsperiode, er historisk sett et nytt begrep. I tidligere tider var man barn til man hadde «stått for presten» (ble konfirmert). Deretter skulle man i arbeide gjerne i lære. Den nye velstanden i forrige århundre førte til at stadig flere unge ble gående i utdanning og fikk mere disponibel tid for seg selv. Gruppene av unge skilte seg etterhvert så mye ut at det ga mening å snakke om en ungdomskultur."

I følgje denne definisjonen står eg sjølv i fare for å ikkje vere ungdom lenger. Likevel vil eg kalle meg det, sidan eg slett ikkje ser på meg sjølv som heilt vaksen endå. Eg som ikkje eingong kan å lage brunsaus frå botnen av! Berre nesten. Men kva med den nemnde dama på 79 år? Eller "Kristen, ungdommelig mann på 73 år..." som også har skrive inn til dagens Vårt Land? Er dei framleis i tida mellom barn og vaksen? I så fall må dei vere ekstremt umodne pensjonistar, og ikkje nokon eg sjølv ville sett etter som ein mogleg livsledsagar om eg hadde vore i aktuell alder. Er dette eigentleg ein finare måte å skrive ein er blitt dement på? "Kristen, dement mann på 73 år, søker kjekk og snill kristen dame fra ca 50-60"... Og når blir ein vaksen om ein endå ikkje har blitt det i ein alder over 70? Om ungdommen varer så lenge hadde det kanskje vore best for oss alle om vi blei like gamle som Noa og gjengen, så vi også kan rekke å kalle oss vaksne før vi døyr.

Sjølv forbinder eg ordet ungdommeleg med ulike emner. Eit naturleg emne for meg blir musikk. Ungdommeleg musikk vil vel vere musikk som er populær i større grupper unge (under 25) no til dags, som ymse rock og pop. Går ungdommelege 79-åringar på konsert med Coldplay? Eg såg dei ikkje på Ole Børud-konsert, iallfall. Eit anna emne er opprør. Ungdommar flest vil i større eller mindre grad gjere opprør mot autoritetar og ønsker å vere individualistar som klarer seg sjølve utan andre sine retningslinjer. Ungdommeleg klesstil er oftast veldig forskjellig frå det pensjonistar kler seg med, men går då den 79 år ungdommelege dama med trang grå dongeribukse, lang singlet med ein genser utanpå med store 70-talls roser? Kva skomerke bruker ho? Og så eit stort tema i ungdomstida: Kven er eg eigentleg? Går den 73 år gamle mannen framleis rundt og prøver å finne sin eigen identitet? Eg fryktar det...

Kjære ungdommelege mann på 73 og dame på 79. Eg ønsker dykk lykke til på den vidare vegen mot å verte vaksen, med alt det dette inneber av plikter, arbeid og erfaringar. Ikkje la dykk knekke av slankepress, motepress, sexpress, drikkepress, benkpress og andre typar press som kan vere ganske heftig i kvardagen som ungdom. Å vere kristen er ofte også vanskeleg i denne perioda av livet, men eg håper de har gode venner som kan støtte dykk. Eit kristent miljø er viktig. Kanskje sjåast vi i Misjonssalen laurdag kl 19.30 eller i Filadelfia søndag kl 19.00? Dette er plassar vi som er i den eldre garden av ungdommar ofte brukar å vere for påfyll og fellesskap. Ellers er eg glad i å gå på konsertar, som ungdommar flest, så kanskje sjåast vi også på nokre slike utover hausten? Då helst pop, rock, funk, jazz eller liknande.

For å avslutte med eit visdomsord frå Bibelen angåande temaet:
"Styrke er ein prydnad for ungdom, og grått hår ei ære for den gamle."
Ordtøka 20, 29

Salomo forstod det. Ikkje noko hårfarge der i garden, nei! Antirynkekrem skreiv han til gjengjeld ingenting om.

søndag 21. september 2008

Dagens song

Holy Ground

Andy Gullahorn

A good half-inch of dust had built up on the pews
There were pieces missing from the stained glass dove
There was a broken lock on one of the basement doors
You could open if you pushed it hard enough
It was wintertime
The streets were cold as hell
They laid their sleeping bags
Along the alter rail

It was holy ground
It was holy ground
It was holy ground

As the word got out the sanctuary filled
With folks who had no other place to call their home
At night they’d share a meal and pass a bottle around
Something they were all accustomed to alone
The piano’s out of tune
Some keys don’t even work
But one guy could play a song
Out of the hymnal book

It was holy ground
It was holy ground
It was holy ground

The local priest soon got word
of the vagrants in the empty church
He was told to go to the house of God
And clear them out because after all

It was holy ground

He was met at the door by a man with open arms
Saying “welcome to the one place we belong”
He saw the shiny floors beneath the sleeping bags
He could hear the sound of laughter down the hall
Later on that night
As they broke the bread
He asked them if there’s room
for an extra bed

It was holy ground
It was holy ground
It was holy ground

laurdag 20. september 2008

Provosert for misjon

Igår diskuterte vi diakonalt arbeid i internasjonalt sosialt arbeid på skulen. Eg kjenner eg blir provosert. Faktisk. Og eg trur det er ein bra ting.

Misjon er noko eg alltid har hatt eit positivt forhold til. Det er så utrulig mykje bra som blir gjort i utlandet av misjonsorganisasjonar! Og det er jo ingen motsetning å jobbe i diakonalt arbeid (barmhjertighetsarbeid og rettferdighetsarbeid) og å fortelle om Jesus, også her i landet - iallfall etter mi meining. Ein kombinasjon av dette hadde til dømes vore ypperleg for meg. Men så er det ein gong slik at monge meiner ein ikkje kan blande dette, og dersom ein jobbar med å gi hjelp til andre så må ein for all del ikkje gjere noko for aktivt å fortelje om Jesus samtidig. Eg er ueinig. Det blir nesten som å seie at eg skal kutte ut å vere sunnmøring med mindre andre spør meg direkte om det. Eg er jo sunnmøring heile tida! Det høyrast på måten eg pratar på, merkast til og med ein del i oppførsel og humor, av og til pratar eg direkte om det sjølv, andre tider spør folk meg om det, men uansett tek det ikkje lange tida å finne ut kvar eg er ifrå og det ligg i meg heile tida. Eg kan heller ikkje kutte ut å vere kristen, eller late som det ikkje har noko å seie heile tida at eg er det. Og dersom eg faktisk trur på det som står i Bibelen, så vil eg ønske å hjelpe andre ved barmhjertighet og kjempe for rettferd - uansett kva livssyn dei sjølve har. Men eg vil ikkje sjå på dette som det aller viktigaste eg kan gjere for dei, for dersom eg trur på Bibelen så er det så veldig mykje viktigare at dei får ein sjanse til å kunne bli kjent med Jesus! Eg vil gjerne at alle skal ha det så bra som muleg i dette livet, men dersom vi kan leve eit fantastisk evig liv etterpå er det jo mykje viktigare at alle får sjansen til dette!

Eg vil bli sosionom. Eg vil fortelle om Jesus. På ein gong. Så sånn er det.

onsdag 10. september 2008

Og slik gikk det...



KONGE konsert!!! Verdt kvart eit øre!
Og KONGE å få slå av ein liten prat, få autograf og ta bilde med sjølvaste Kirk Franklin etterpå!!!

tysdag 9. september 2008

Drømmemenn

Eg oppdaterte litt på MySpace-profilen min her ein dag. Eit av spørsmåla om meg eg hadde svart på der var: "Who would you like to meet?". Det er nok nærare tre år sidan eg fylte ut dette, så eg hadde gløymt svaret: "Steven Curtis Chapman, Kirk Franklin, Shawn McDonald and the man of my life" var mitt vel gjennomtenkte svar. Eg får berre beklage at ingen kvinner kjem så høgt opp på lista mi, men eg har ikkje innført likestilling på denne rangstigen.

Eg blei positivt overraska då eg las ønska mine. Eg er jo faktisk på veg til å oppfylle dei! Iallfall dei av ønska der eg har namngitte personar i hovudrollene... I februar var eg på konsert med Steven Curtis Chapman, så eg har sett han, men fekk dessverre ikkje prata med han. Eg anser dette målet som delvis nådd. Han skulle eigentleg på Skjærgårds i sommer, så planen var å få prata med han då, men slik gikk det jo ikkje. Eg får ta det ein annan gong. I slutten av april var eg på konsert med Shawn McDonald, og etter konserten hadde eg ein triveleg liten prat med han. Bra fyr! Og mål nådd. I kveld skal eg på konsert med Kirk Franklin, og eg er vanvittig klar!! Gler meg ekstremt!!! Eg og Kristin er begge rimeleg gira på å få tak i han etter konserten så vi får prata med han. I så fall kan eg krysse av endå eit punkt på lista. Det går an å håpe...

onsdag 3. september 2008

Jesus Is My Friend

Andrew Osenga (sjå link under artistar) hadde posta denne fantastiske musikkvideoen på bloggen sin. Om du har lyst å trene smilemusklane, og gjerne høyre din eigen latter i tillegg, anbefalar eg på det varmaste å ta ein kikk på det her!

måndag 1. september 2008

Tilbake i Oslo

Etter å ha vore i Oslo i nokre veker, kan eg konstatere at det er eigentleg godt å vere tilbake igjen. Særleg på grunn av det sosiale. Når eg i tillegg bur i ei koseleg leiligheit i eit hus, saman med to gode venninner, i eit roleg familieområde, og med så mykje turvegar og skog at det er som å bu på bygda, har eg funne ein ypperleg mellomting mellom sosialt byliv og rolegare omgivnader i frisk luft.

Den siste veka har mellom anna bestått av dette:
- Tre bursdagsselskap.
- Henta ny frysar.
- Bestilt billettar til Malawi!
- Tatt fire vaksiner og dobbel dose malariatablettar.
- Ungdomsmøte i Misjonssalen.
- To middagsbesøk.
- Skule.
- Konsert med St. Morritz.
- Overnattingsbesøk hos Camilla.
- Klemmar frå mange vennar.
- Sjokolade og potetgull.
- Manualar.

Eg er nøgd.:)