tysdag 9. september 2008

Drømmemenn

Eg oppdaterte litt på MySpace-profilen min her ein dag. Eit av spørsmåla om meg eg hadde svart på der var: "Who would you like to meet?". Det er nok nærare tre år sidan eg fylte ut dette, så eg hadde gløymt svaret: "Steven Curtis Chapman, Kirk Franklin, Shawn McDonald and the man of my life" var mitt vel gjennomtenkte svar. Eg får berre beklage at ingen kvinner kjem så høgt opp på lista mi, men eg har ikkje innført likestilling på denne rangstigen.

Eg blei positivt overraska då eg las ønska mine. Eg er jo faktisk på veg til å oppfylle dei! Iallfall dei av ønska der eg har namngitte personar i hovudrollene... I februar var eg på konsert med Steven Curtis Chapman, så eg har sett han, men fekk dessverre ikkje prata med han. Eg anser dette målet som delvis nådd. Han skulle eigentleg på Skjærgårds i sommer, så planen var å få prata med han då, men slik gikk det jo ikkje. Eg får ta det ein annan gong. I slutten av april var eg på konsert med Shawn McDonald, og etter konserten hadde eg ein triveleg liten prat med han. Bra fyr! Og mål nådd. I kveld skal eg på konsert med Kirk Franklin, og eg er vanvittig klar!! Gler meg ekstremt!!! Eg og Kristin er begge rimeleg gira på å få tak i han etter konserten så vi får prata med han. I så fall kan eg krysse av endå eit punkt på lista. Det går an å håpe...

0 kommentarer: