Til Malawi, denne gongen. Det er seint, bussen eg skal ta her ifrå går om litt over 4 timar, og eg må berre pakke heilt ferdig før eg legg meg for å sove ei lita stund. Det neste døgnet skal gå til å reise Oslo-London-Amsterdam-Nairobi-Lilongwe. Endestasjonen Lilongwe er hovudstaden i Malawi, som er eit lite land rett sør for Tanzania i Afrika. Der skal eg og tre andre jenter i klassa vere i ein månad og ha prosjekt. Senteret vi skal jobbe ut ifrå heiter Chisomo Youth Club og er ein samarbeidspartnar av Kirkens Nødhjelp. Oppgåva vår er mest sannsynleg å finne ut kvifor gatebarn dei har arbeidd med å føre tilbake til familia si ofte endar opp på gata igjen.
So long. Eg skal prøve å gi nokre oppdateringar medan eg er der. I mellomtida er det lov å be om at det må vere eit bra og lærerikt opphald, og at eg får leike med nokre skjønne afrikanarungar.:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
håpa turen har gått bra å atte alt e vel! forstår kje kafor adle ska reisa te afrika eg... men du får kosa deg! blir sikkert ein strålande måne! :D
Legg inn en kommentar