laurdag 20. september 2008

Provosert for misjon

Igår diskuterte vi diakonalt arbeid i internasjonalt sosialt arbeid på skulen. Eg kjenner eg blir provosert. Faktisk. Og eg trur det er ein bra ting.

Misjon er noko eg alltid har hatt eit positivt forhold til. Det er så utrulig mykje bra som blir gjort i utlandet av misjonsorganisasjonar! Og det er jo ingen motsetning å jobbe i diakonalt arbeid (barmhjertighetsarbeid og rettferdighetsarbeid) og å fortelle om Jesus, også her i landet - iallfall etter mi meining. Ein kombinasjon av dette hadde til dømes vore ypperleg for meg. Men så er det ein gong slik at monge meiner ein ikkje kan blande dette, og dersom ein jobbar med å gi hjelp til andre så må ein for all del ikkje gjere noko for aktivt å fortelje om Jesus samtidig. Eg er ueinig. Det blir nesten som å seie at eg skal kutte ut å vere sunnmøring med mindre andre spør meg direkte om det. Eg er jo sunnmøring heile tida! Det høyrast på måten eg pratar på, merkast til og med ein del i oppførsel og humor, av og til pratar eg direkte om det sjølv, andre tider spør folk meg om det, men uansett tek det ikkje lange tida å finne ut kvar eg er ifrå og det ligg i meg heile tida. Eg kan heller ikkje kutte ut å vere kristen, eller late som det ikkje har noko å seie heile tida at eg er det. Og dersom eg faktisk trur på det som står i Bibelen, så vil eg ønske å hjelpe andre ved barmhjertighet og kjempe for rettferd - uansett kva livssyn dei sjølve har. Men eg vil ikkje sjå på dette som det aller viktigaste eg kan gjere for dei, for dersom eg trur på Bibelen så er det så veldig mykje viktigare at dei får ein sjanse til å kunne bli kjent med Jesus! Eg vil gjerne at alle skal ha det så bra som muleg i dette livet, men dersom vi kan leve eit fantastisk evig liv etterpå er det jo mykje viktigare at alle får sjansen til dette!

Eg vil bli sosionom. Eg vil fortelle om Jesus. På ein gong. Så sånn er det.

0 kommentarer: