måndag 1. september 2008

Tilbake i Oslo

Etter å ha vore i Oslo i nokre veker, kan eg konstatere at det er eigentleg godt å vere tilbake igjen. Særleg på grunn av det sosiale. Når eg i tillegg bur i ei koseleg leiligheit i eit hus, saman med to gode venninner, i eit roleg familieområde, og med så mykje turvegar og skog at det er som å bu på bygda, har eg funne ein ypperleg mellomting mellom sosialt byliv og rolegare omgivnader i frisk luft.

Den siste veka har mellom anna bestått av dette:
- Tre bursdagsselskap.
- Henta ny frysar.
- Bestilt billettar til Malawi!
- Tatt fire vaksiner og dobbel dose malariatablettar.
- Ungdomsmøte i Misjonssalen.
- To middagsbesøk.
- Skule.
- Konsert med St. Morritz.
- Overnattingsbesøk hos Camilla.
- Klemmar frå mange vennar.
- Sjokolade og potetgull.
- Manualar.

Eg er nøgd.:)

4 kommentarer:

bjarnebs sa...

Manualar??????

Linda sa...

Jepp, her e jenta som he begynt å trene med manuala!! Den kom overraskande på, hæ? Det skal seiast at dei e ganske så lette, og det e nærmast som eldretrim å rekne kvar kveld før ej legg mej...

Anonym sa...

Malawi????

Linda sa...

Oi, ej forstår ej ikkje he vore så flink til å oppdatere folket på ka som skjer i livet mitt. Ej skal til Malawi i en måned, reise 30. september. Prosjektarbeid på skulen. E ikkje heilt sikker på ka det går ut på endå, men skal heller komme tilbake om det når ej he litt detalja.:)