onsdag 24. september 2008

Ungdommelege kontaktannonser

Ungdommelig, kristen dame,
79 år,
ønsker kontakt med kristen, snill mann.
Allsidige interesser.


Eg kjenner eg blir lettare forvirra over min eigen identitet som ungdom når eg les slike kontaktannonser. Ikkje det at eg er imot at eldre kvinner og menn kallar seg ungdommelege, men kva er det å vere ungdommeleg? Er dei virkelig ungdommelege? Er eg ungdommeleg?

Lat oss gå til vår kjære Wikipedia:

"Ungdom er tiden mellom da man slutter med å være barn og til man er blitt voksen.

Det er vanlig å tidfeste dette til ten- årene, som begynner på tretten og slutter på nitten. Nyere lovverk gjør dette noe komplisert. Man kan stemme ved stortings- og kommunevalg det året man fyller 18 år, men må være 18 for å få førerkort for bil. For få år siden var det mulig å starte militærtjenesten før man var 18 år, men man fikk ikke kjøpe alkohol. Førerkort for buss og lastebil kan man ikke ta før man fyller 21 år. I Norge er det ikke mange aldersgrenser over 20 år lenger. Grensa for å kjøpe sprit i Norge er nå 20 år, men i USA er den fremdels 21 år, slik den var i Norge da vi hadde myndighetsalder på 21 år.

Ungdomstid som særegen tidsperiode, er historisk sett et nytt begrep. I tidligere tider var man barn til man hadde «stått for presten» (ble konfirmert). Deretter skulle man i arbeide gjerne i lære. Den nye velstanden i forrige århundre førte til at stadig flere unge ble gående i utdanning og fikk mere disponibel tid for seg selv. Gruppene av unge skilte seg etterhvert så mye ut at det ga mening å snakke om en ungdomskultur."

I følgje denne definisjonen står eg sjølv i fare for å ikkje vere ungdom lenger. Likevel vil eg kalle meg det, sidan eg slett ikkje ser på meg sjølv som heilt vaksen endå. Eg som ikkje eingong kan å lage brunsaus frå botnen av! Berre nesten. Men kva med den nemnde dama på 79 år? Eller "Kristen, ungdommelig mann på 73 år..." som også har skrive inn til dagens Vårt Land? Er dei framleis i tida mellom barn og vaksen? I så fall må dei vere ekstremt umodne pensjonistar, og ikkje nokon eg sjølv ville sett etter som ein mogleg livsledsagar om eg hadde vore i aktuell alder. Er dette eigentleg ein finare måte å skrive ein er blitt dement på? "Kristen, dement mann på 73 år, søker kjekk og snill kristen dame fra ca 50-60"... Og når blir ein vaksen om ein endå ikkje har blitt det i ein alder over 70? Om ungdommen varer så lenge hadde det kanskje vore best for oss alle om vi blei like gamle som Noa og gjengen, så vi også kan rekke å kalle oss vaksne før vi døyr.

Sjølv forbinder eg ordet ungdommeleg med ulike emner. Eit naturleg emne for meg blir musikk. Ungdommeleg musikk vil vel vere musikk som er populær i større grupper unge (under 25) no til dags, som ymse rock og pop. Går ungdommelege 79-åringar på konsert med Coldplay? Eg såg dei ikkje på Ole Børud-konsert, iallfall. Eit anna emne er opprør. Ungdommar flest vil i større eller mindre grad gjere opprør mot autoritetar og ønsker å vere individualistar som klarer seg sjølve utan andre sine retningslinjer. Ungdommeleg klesstil er oftast veldig forskjellig frå det pensjonistar kler seg med, men går då den 79 år ungdommelege dama med trang grå dongeribukse, lang singlet med ein genser utanpå med store 70-talls roser? Kva skomerke bruker ho? Og så eit stort tema i ungdomstida: Kven er eg eigentleg? Går den 73 år gamle mannen framleis rundt og prøver å finne sin eigen identitet? Eg fryktar det...

Kjære ungdommelege mann på 73 og dame på 79. Eg ønsker dykk lykke til på den vidare vegen mot å verte vaksen, med alt det dette inneber av plikter, arbeid og erfaringar. Ikkje la dykk knekke av slankepress, motepress, sexpress, drikkepress, benkpress og andre typar press som kan vere ganske heftig i kvardagen som ungdom. Å vere kristen er ofte også vanskeleg i denne perioda av livet, men eg håper de har gode venner som kan støtte dykk. Eit kristent miljø er viktig. Kanskje sjåast vi i Misjonssalen laurdag kl 19.30 eller i Filadelfia søndag kl 19.00? Dette er plassar vi som er i den eldre garden av ungdommar ofte brukar å vere for påfyll og fellesskap. Ellers er eg glad i å gå på konsertar, som ungdommar flest, så kanskje sjåast vi også på nokre slike utover hausten? Då helst pop, rock, funk, jazz eller liknande.

For å avslutte med eit visdomsord frå Bibelen angåande temaet:
"Styrke er ein prydnad for ungdom, og grått hår ei ære for den gamle."
Ordtøka 20, 29

Salomo forstod det. Ikkje noko hårfarge der i garden, nei! Antirynkekrem skreiv han til gjengjeld ingenting om.

2 kommentarer:

Inglis sa...

så utrulig bra skreve Linda! I flira så i grein (ok, nesten da) spesielt då du ønska dei to lykke til med slankepress og andre typar press dei kunne møte i løpet av ungdomstida :)

Linda sa...

Bra du likte det! Ej hadde heilt glømt av det innlegget her, så det va jammen litt artig å lese det igjen sjøl også.;)