fredag 24. oktober 2008

Rastafari-Linda

No trur eg eg kjenner alle rastafariane som er i Lilongwe. Evt er det dei som kjenner meg. Dei blir ikkje sett paa som saa veldig bra folk akkurat, men dei oppfoerer seg stort sett fint rundt meg. Dei tek meg i handa kvar gong eg moeter dei paa markedet eller paa gata, og eg smiler og gir dei eit fast handtrykk tilbake. Eg kjenner dei saaklart ikkje igjen fraa gong til gong, saa eg smiler og seier hei til alle. Dei fleste andre ville nok i staden oversett andre, men dersom du les bloggen min kjenner du meg nok godt nok til ikkje aa bli veldig overraska over at eg gjer det motsatte.

Eg har blitt litt brunare i loepet av opphaldet her, men eg skulle veldig oenske eg var heilt svart. Det er saa slitsomt aa bli sett paa som steinrik heile tida! Dei lurer meg for penger paa markedet som det staar etter. Menmen, det er nok turistar som blir lurt endaa meir. No hoeyrdast eg litt negativ ut. Det var ikkje meininga, eg skuldar paa varmen (som er baade positiv og negativ). Eg har det fint. No kan eg aa telle til 19 paa chichewa, men sidan dei fleste her tel paa engelsk har eg eigentleg ikkje saa veldig bruk for det. Men eg synast det er kjekt aa kunne likevel. Kimots, ziwiri, zitatu, zinai, zizanu osv. 19 er kumi zizanu zinai. Saa saa kan du det. Regnar med du har pugga det til eg kjem heim.

Diwo nana! Ser deg seinare!

laurdag 18. oktober 2008

Kort om den noverande kvardagen

Det er varmt. Eg sveittar. Mykje. Idag har ikkje eg sjekka gradestokken, men det har vore rundt 33 grader C mange andre dagar. I dag er det varmare, det er iallfall sikkert.

Her om dagen såg eg og Rebecca ein slange! Det var litt skummelt, altså. Det var mørkt ute og vi sprang skrekkslagne inn då vi såg den. Vaktene fann den dessverre ikkje, og ergo trudde dei heller ikkje på oss. Men det er heilt sant, altså. Eg såg den tydeleg nok! Ellers går det mest i firfisler og kakerlakkar.

Eg har det fortsatt bra, men gler meg faktisk litt til å kome heim igjen også. No skal vi snart vere med ut på Community Campaign med Chisomo, og håper å få intervjua minst ein landsbyhøvding. Eg går rundt i lange skjørt og oftast t-skjorte når eg ikkje er i huset vi bor, kvar kveld vaskar eg føtene mine og vatnet blir brunt, vi kokar mykje vatn til å drikke, går dermed også på do ofte og andre meir eller mindre spanande ting.

måndag 6. oktober 2008

Herr Kakerlakk

Det er kveld i Lilongwe. Vi har flytta inn i eit fint hus eigd av ein som heiter John som jobbar i Kirkens Noedhjelp. Det har vore moerkt i fleire timar allereie, sidan det moerknar i 6-tida, men no er det tid for aa legge seg. Eg gaar inn paa rommet der eg og Rebecca soev, og skal til aa opne klesskapet. Daa plutseleg ser eg ein litt stor brun flekk som bevegar seg rett ned for skapdoera. Kakerlakken! Rebecca hadde hylt og sprunge vekk fraa ein kakerlakk kvelden foer, og vi haaper paa dette er den samme. Det gaar mot krisetilstand igjen. Eg ropar ut til Kari i gangen, og ho tek med seg ein boks inn til aa fange kakerlakken medan eg held den under observasjon for aa passe paa kvar den er. Kari gaar mot den, kastar boksen ned i eit forsoek paa aa faa kakerlakken under, men bommar. Kakerlakken begynner aa springe, og ikkje visste vi at ei bille kunne springe saa fort! Kari snur og spring smaahylande ut av rommet. Eg staar eit millisekund i panikk og ser at den spring mot meg, foer eg sett meg ned paa senga som er rett bak meg og loefter foetene godt opp. Rebecca, som til no har staatt fryst fast i eit anna hjoerne av rommet, vaknar plutseleg til live. Ho plukkar opp boksen fraa golvet, kastar den over kakerlakken, og treff! Kari og eg pustar letta ut, men kva skal vi gjere med den no? Eg har daa slett ikkje noko oenske om aa ha ein febrilsk springande brun kakerlakk i ein boks under senga mi! Vi staar i ring rundt og observerar, raadville og opproemte av skrekk. Etter ei lita stund kjem heldigvis Martine reddande til. Ho organiserar oss, saa vi faar henta papp som ho skyv under boksen og faar snudd det heile med kakerlakken trygt fanga. Vi staar i aerefrykt og observerar denne toeffe jenta som handterar kakerlakkar saa lett. Hjelpsomme som vi gjerne vil vere let vi opp doerene for ho saa ho kjem seg ut med kakerlakken. I berre undertoeyet gaar Martine rolig ut paa plenen, slepp kakerlakken skadefri laus, og vi kan alle gaa inn igjen og legge oss i fred og ro. Kakerlakken er vekke og vi er alle, inkludert kakerlakken, i det minste fysisk skadefrie.

torsdag 2. oktober 2008

Og eg er paa internet!

Min andre dag i Malawi, og eg maa seie eg likar det godt saa langt. Veldig hyggelege og hjelpsomme innbyggarar, og ikkje altfor slitsomme gutar. Eg har til no eit veldig positivt inntrykk, til trass for at det er svaert lite eg har sett endaa. No set eg inne paa ein kristen ungdomskafe eller noko saant. Tilfeldigvis enda vi her, og det virkar som ein triveleg plass aa henge. Internett gaar veldig seint, saa det spoers om dei andre vil tilbake hit.

Lilongwe er ein rar by. Det er meir som mange landsbyar, og har ikkje noko skikkeleg sentrum med store bygningar. Her er marknad, mange som berre heng rundt i gatene eller sit under trea, her er mange kvite pga Kirkens Noedhjelp, Unicef osv, og eg har funne ut at chechewa er eit vanskeleg spraak. Har ikkje faatt ete saa mykje lokal mat endaa, men det lille eg har smakt har vore godt. Det er ein god del som iallfall kan litt engelsk, men eg merkar den amerikanske uttalen min er ein ulempe. Eg faar konsentrere meg litt meir om aa prate tydeleg. Mandag skal vi begynne meir paa prosjektet vaart. Skal finne ut daa kva vi skal ha til problemstilling. Det viktige er: eg har det bra! Ting Tek Tid (TTT), This is Africa (TIA) og alt saant stemmer, folk har god tid og livet er bedageleg. Dette kan eg like.:)