måndag 6. oktober 2008

Herr Kakerlakk

Det er kveld i Lilongwe. Vi har flytta inn i eit fint hus eigd av ein som heiter John som jobbar i Kirkens Noedhjelp. Det har vore moerkt i fleire timar allereie, sidan det moerknar i 6-tida, men no er det tid for aa legge seg. Eg gaar inn paa rommet der eg og Rebecca soev, og skal til aa opne klesskapet. Daa plutseleg ser eg ein litt stor brun flekk som bevegar seg rett ned for skapdoera. Kakerlakken! Rebecca hadde hylt og sprunge vekk fraa ein kakerlakk kvelden foer, og vi haaper paa dette er den samme. Det gaar mot krisetilstand igjen. Eg ropar ut til Kari i gangen, og ho tek med seg ein boks inn til aa fange kakerlakken medan eg held den under observasjon for aa passe paa kvar den er. Kari gaar mot den, kastar boksen ned i eit forsoek paa aa faa kakerlakken under, men bommar. Kakerlakken begynner aa springe, og ikkje visste vi at ei bille kunne springe saa fort! Kari snur og spring smaahylande ut av rommet. Eg staar eit millisekund i panikk og ser at den spring mot meg, foer eg sett meg ned paa senga som er rett bak meg og loefter foetene godt opp. Rebecca, som til no har staatt fryst fast i eit anna hjoerne av rommet, vaknar plutseleg til live. Ho plukkar opp boksen fraa golvet, kastar den over kakerlakken, og treff! Kari og eg pustar letta ut, men kva skal vi gjere med den no? Eg har daa slett ikkje noko oenske om aa ha ein febrilsk springande brun kakerlakk i ein boks under senga mi! Vi staar i ring rundt og observerar, raadville og opproemte av skrekk. Etter ei lita stund kjem heldigvis Martine reddande til. Ho organiserar oss, saa vi faar henta papp som ho skyv under boksen og faar snudd det heile med kakerlakken trygt fanga. Vi staar i aerefrykt og observerar denne toeffe jenta som handterar kakerlakkar saa lett. Hjelpsomme som vi gjerne vil vere let vi opp doerene for ho saa ho kjem seg ut med kakerlakken. I berre undertoeyet gaar Martine rolig ut paa plenen, slepp kakerlakken skadefri laus, og vi kan alle gaa inn igjen og legge oss i fred og ro. Kakerlakken er vekke og vi er alle, inkludert kakerlakken, i det minste fysisk skadefrie.

4 kommentarer:

Borghild sa...

haha, eg ser det for meg! Men eg kan godt forstå reaksjonen, det klikka jo nesten for meg då me fant ein i NYC, og den va allerede død!

Kos deg masse, kjekt at du oppdatere bloggen din, der e eg veldig sløv for tiå!

Klem

Eivind sa...

He he! -kjem Lanzarote godt ihug, masse store brune kakerlakka som sprang på kryss og tvers. Klokka var vel omtrent 2 på natta når vi kom i leiligheita, vi vart heilt forskrekka av dei gyselege dyra og starta og dælgje te dei med våte handduka. Neste morgon log vi og haurde på naboen som gikk opp trappa, det var vist veeeldigt lytt. Vi var der 14 daga og på den tid var frykten for kakerlakk overvunnen. Kakerlakk bak golvlist som vi berre sog i føtene på, kakerlakk i badekaret, kakerlakk på fortauet++++.

astrid sa...

Skrekk og gru!! Og her snakker de om at Fritt Vilt 2 skal være skummel...;)

Kristin sa...

hahahahaha!!! du prøvde dej ikkje me hårspray altså?? I kjelleren sitt fortsatt beina t edderkoppen fast:P
Godt å høyre at d e litt action der nede forresten:)
Ej prøva hardt å gjere litt lekse for tida, men d e litt vanskelig, å temmelig kjedelig å pugge latin.... ellers så savna ej dej!!!