tysdag 25. november 2008

Prinsesse Aurora Sofie




Gratulerer med nok ei fantastisk jente, Anita og Frode!! Og heldige Maren Kristine har blitt ei stolt storesøster.:)

tysdag 11. november 2008

So you say I've got trouble...

Kvit jente i Malawi, attpåtil blond. Du anar kanskje kva som kjem allereie. Jaudå, sjølvsagt var det nokre gutar og unge menn der som fann det interessant. Det skal seiast at eg var positivt overraska i forhold til korleis det var i Uganda og Tanzania, for i Malawi blei dei fleste gutane litt kjent med meg før dei spurde om eg var gift eller singel. Eg er fullt klar over at det faktum eg er kvit i huda tilsvarar det same som mykje pengar og ein veg å kome seg vekk frå fattigdomen for dei som såg meg der nede, så berre slapp av - eg er ikkje blitt sååå innbilsk. Nokre spørsmål om min sivile status blei det likevel i løpet av opphaldet, og merkeleg nok var det alltid det mannlege kjønn som fann det kjekkast å prate med meg.

Til trass for at eg synast det er veldig kjekt å prate med gutar (og ikkje alltid har så mykje imot å få oppmerksomheit...), vart det ein kveld på minibussen nok til og med for meg. Då ein gut litt yngre enn meg sette seg attmed meg og var veldig ivrig etter å prate, kjende eg motstanden stige opp i meg. Episodar tidlegare den dagen gjorde at eg hadde fått nok, og då han tidleg i samtalen spurde om eg var "married or single", kom svaret "married" ganske fort ut av munnen min. Dette var faktisk einaste gongen eg laug om min sivile status for heile månaden i Malawi. Men det skulle vise seg at det straffar seg å lyge. Denne guten syntast nemleg at det var veldig interessant at eg var gift, og han spurde meg mange spørsmål om mannen min. Eg prøvde stadig å ro det vekk, men til inga nytte. Kva gjer mannen din på? Studerar, ja... Kva då? Kor lenge har de vore gifte? Har de ungar? Kva sa mannen din då du fortalde han du ville til Malawi? Korleis held de kontakta når du er her? Takk og lov at eg hadde spurt Ingve før eg reiste om å få bruke han i krisetilfelle, slik at eg hadde nokon å svare for. Så eg og Ingve gifta oss altså i fjor, vi har ingen ungar, han blei litt lei seg då eg sa eg ville til Malawi, men han ville eg skulle få oppleve det også, og vi held stort sett kontakta via internet, og telefon inn i mellom.

I etterkant av mitt Malawi-opphald har det blitt eit frieri og eit kjærlighetsbrev. Dessverre fekk dei nok begge svaret nei, men kven kan vel klandre dei for å prøve?;)