søndag 19. juli 2009

Når eg blir stor...

Då eg var lita hadde eg ein draum om å bli kokk. Eg skulle ha eit lite kokkehus på plenen til mamma og pappa og selge skikkeleg billige brød. I ettertid veit eg at yrket eg drøymde om heiter bakar og ikkje kokk, men kven bryr seg vel om sånne formalitetar som 5-åring? Nabojenta skulle forresten bli julenisse. Ingen blir vel særleg overraska over at ingen av oss har blitt det vi planla. Eg bakar rett nok mine eigne brød og rundstykker, men i staden for at hyllene er fulle av ferske bakarvarer til salgs er det nok draumen som ligg der og støvar nede.

I fleire år etter dette hadde eg ingen klar plan om kva eg ville bli. Misjonær har rett nok alltid ligge i bakhovudet, noko eg fortsatt meiner er ein god plan. Då får eg reise og oppleve nye kulturar, jobbe med folk og fortelle om Jesus. Det er jo ypperleg! Ei rein evangeliststilling er ikkje fristande, der imot har draumen vore å jobbe på barneheim, med gateborn eller andre som har det veldig vanskelig. Sidan eg ikkje visste noko anna tenkte eg at eg kunne bli lærar. Ikkje fordi det høyrdast så kjekt ut å lære vekk matte og naturfag, men kva skulle eg ellers bli? Eg ville jo jobbe med folk! Akkurat det å jobbe med folk har eg forresten vore sikker på heilt sidan bakardraumen vart ute av syne og ute av sinn. Til slutt enda eg altså opp som sosionom. Her sit eg med utdanninga, fast jobb som kyrkjelydspedagog - og lurer på om eg valgte rett til slutt. Ikkje det at eg angrar, eg er sikker på eg får god bruk for sosionomutdanninga mi uansett kva eg kjem til å gjere vidare, eg berre veit ikkje sikkert om eg nokon gong kjem til å ha tittelen "sosionom". Sosionom i utlandet og som misjonær høyrast særdeles fristande ut, men det er altså den norske sosionomen eg slit litt med. Og i tillegg dukkar andre draumar stadig til overflata.

Den gamle draumen som har dukka opp på nytt no er nemleg: gatemusikar! Etter min sunne fornuft høyrast det heilt ypperleg ut! Hadde eg berre vore flinkare i musikk skulle eg jammen meg blitt gatemusikar. Eg hadde fått reist mykje, møtt mange nye folk og opplevd mange kulturar. Fantastisk! I tillegg får ein jobbe med å skape kontakt med publikum, og publikumsmengda er (forhåpentlegvis) passe lita/stor til at ein får sett kvar enkelt, ein er på deira nivå (i motsetning til på ei scene åleine der framme) og har ei unik mulegheit til å kommunisere med publikum. Fortelle små historier, spørje spørsmål for å få litt tovegskommunikasjon, synge nokre eigne songar, synge kjende songar som publikum blir i godt humør av å mimre til... Det økonomiske er såklart ei utfordring, men med nok sjarm og talent klarer ein seg iallfall frå hand til munn. Gatemusikar høyrast i mine øyrer rett og slett ut som eit av dei kjekkaste yrka ein kan ha!

Eg innser dessverre at denne draumen ikkje er den enklaste å oppnå. Og så det er sagt: det er ikkje panfløyte-gatemusikar eg snakkar om, men slik som spelar gitar, munnspel, tromme og syng (på ein gong!). Eg måtte nok ha nøyd meg med gitar og sang, kanskje munnspel. Gitar kan eg spele litt på, eg er ingen sangar, eg har munnspel, men har aldri lært å spele på det... Eg må øve! Så kanskje, når eg ein gong blir pensjonist og har livet framføre meg, kan eg spe på pensjonen med å vere ei omreisande, særdeles sjarmerande, gamal dame som syng eigne låtar, har gitaren på magen og munnspelet rundt halsen. Framføre meg står gitarkassa full av klistermerke frå alle plassane eg har vore. Å spele åleine virkar litt kjedeleg, så mannen min er nok også med. Og saman spelar vi oss gjennom land etter land, med campingvogna som bustad, eit stort smil om munnen og Jesus i hjertet. Ja, det blir tider, det...

torsdag 9. juli 2009

Handy Woman

Som mange av dykk veit allereie så har eg altså flytta heim igjen og driv for tida og pussar opp huset eg skal leige frå mamma og pappa. Er jo greitt å få det til å sjå ut som det ikkje er pensjonistar som bur der lenger. Som du nok skjønar blir eg då sjølvsagt veldig handy i løpet av sommaren... Eg innbiller meg iallfall det. Ein ting har eg iallfall lært: Det kan vere mykje arbeid å ta ned tapet!

onsdag 8. juli 2009

Du kan jo forresten sjå den her også...

Man in the Mirror

Ikveld har eg sett minnemarkeringa til Michael Jackson. Eg har aldri vore ein stor fan av han. Ikkje det at eg ikkje likar musikken, eg har berre aldri sett meg inn i den. No angrar eg. Han har jo jammen meg mykje bra! Ikkje rart han blir kalla the King of Pop. (tastaturet gjekk litt fort her og eg skreiv ved eit uhell først Poop. oops, det blir noko heilt anna.) Det var ei utruleg vakker og verdig minnestund, det må eg seie. Eg beundrar dei som står han nær og som i ei slik vanskeleg tid har klart å samle tankane også rundt kven og kva som bør bli sagt og sunge denne stunda. Dei hadde virkelig gjort ein bra jobb! Greitt nok at dei er gode til slikt og har flust av kontaktar, men det må jo gjerast og tenkast gjennom likevel. Dei hadde virkelig fått til ein raud tråd gjennom alt som skjedde. Eg sat klistra til tv-skjermen og sjølv om eg greidde å stå imot lenge måtte eg til slutt gi tapt. Då brødrene sa sine siste ord til Michael trilla tårene og dei fortsette definitivt då datra kom fram til mikrofonen. Så ikveld tenker eg på familia til Michael og spesielt ungane. Det må vere forferdeleg å miste far sin i så ung alder! Eg håper virkelig at Michael trudde på Jesus så han no er i Himmelen...

Eg har funne min foreløbige favorittsong av MJ. Melodien, teksten, alt i hop - love it. Viss du har spotify kan du kopiere inn denne linken: spotify:track:72Odtn9RpwBnSWPeSbyvSm
Viss ikkje får du søke opp Man in the Mirror ein plass. Den er vel verdt minutta sine.

I'm starting with the man in the mirror
I'm asking him to change his ways
And no message could have been any clearer
If you wanna make the world a better place
Take a look at yourself and then make a change

fredag 26. juni 2009

Ho er oppstanden, halleluja!

Fortsettinga på songen skal eg der imot ikkje rette til meg sjølv. I denne augneblink har eg bestemt meg for å gjenoppta blogg-skriving.:) Håper det fortsatt er someone out there som kanskje har håpa på dette og stikk innom av og til? Dette blir berre ein kjapp liten notis, så skal det kome meir seinare. Men eg kan jo iallfall gi ei lita oppdatering på viktige hendingar den siste tida:

- Michael Jackson er mest sannsynleg død.
- Eg er ferdig utdanna sosionom!
- Bustad: Slyngstad. Jepp, eg har flytta heim igjen til heimbygda mi.
- Eg pussar opp hus! Etterkvart skal eg flytte inn i huset der farmor og farfar har budd, så for tida driv eg oppussing. I dag har eg f. eks. brukt kubein for første gang i mitt liv. Eg blir så handy!
- Jobb: Frå 1. august er eg ansatt som kyrkjelydspedagog i statskyrkja i heile Haram kommune. Eller barne- og ungdomsarbeidar, som eg likar å kalle det.

Det var ein liten smakebit. Eg skal gi oppdatering med bilete frå oppussinga seinare. I mellomtida kan du sjå den flotte annonsa eg har laga med møblar til salgs. Eg håpar nokon vil kjøpe dei snart... Om du ser nøye på hovudbiletet kan du forresten sjå at eg har god utsikt frå stovevinduet mitt!:)