fredag 26. juni 2009

Ho er oppstanden, halleluja!

Fortsettinga på songen skal eg der imot ikkje rette til meg sjølv. I denne augneblink har eg bestemt meg for å gjenoppta blogg-skriving.:) Håper det fortsatt er someone out there som kanskje har håpa på dette og stikk innom av og til? Dette blir berre ein kjapp liten notis, så skal det kome meir seinare. Men eg kan jo iallfall gi ei lita oppdatering på viktige hendingar den siste tida:

- Michael Jackson er mest sannsynleg død.
- Eg er ferdig utdanna sosionom!
- Bustad: Slyngstad. Jepp, eg har flytta heim igjen til heimbygda mi.
- Eg pussar opp hus! Etterkvart skal eg flytte inn i huset der farmor og farfar har budd, så for tida driv eg oppussing. I dag har eg f. eks. brukt kubein for første gang i mitt liv. Eg blir så handy!
- Jobb: Frå 1. august er eg ansatt som kyrkjelydspedagog i statskyrkja i heile Haram kommune. Eller barne- og ungdomsarbeidar, som eg likar å kalle det.

Det var ein liten smakebit. Eg skal gi oppdatering med bilete frå oppussinga seinare. I mellomtida kan du sjå den flotte annonsa eg har laga med møblar til salgs. Eg håpar nokon vil kjøpe dei snart... Om du ser nøye på hovudbiletet kan du forresten sjå at eg har god utsikt frå stovevinduet mitt!:)

3 kommentarer:

Jorunn sa...

Hallelujua!! :D:D ENDELEG!!!

ditte va kjekt Linda.. fortsett å oppdater, d lika oss!

tenk han Michael Jackson e død! 50 år gamale! hørte na akkorat på radioen, her ej sete i ekspedisjonen.. no e d lunsjpause! snakkast!

Beate sa...

Hurra!!! =)

Borghild sa...

endelig din treigas! *smask*