søndag 19. juli 2009

Når eg blir stor...

Då eg var lita hadde eg ein draum om å bli kokk. Eg skulle ha eit lite kokkehus på plenen til mamma og pappa og selge skikkeleg billige brød. I ettertid veit eg at yrket eg drøymde om heiter bakar og ikkje kokk, men kven bryr seg vel om sånne formalitetar som 5-åring? Nabojenta skulle forresten bli julenisse. Ingen blir vel særleg overraska over at ingen av oss har blitt det vi planla. Eg bakar rett nok mine eigne brød og rundstykker, men i staden for at hyllene er fulle av ferske bakarvarer til salgs er det nok draumen som ligg der og støvar nede.

I fleire år etter dette hadde eg ingen klar plan om kva eg ville bli. Misjonær har rett nok alltid ligge i bakhovudet, noko eg fortsatt meiner er ein god plan. Då får eg reise og oppleve nye kulturar, jobbe med folk og fortelle om Jesus. Det er jo ypperleg! Ei rein evangeliststilling er ikkje fristande, der imot har draumen vore å jobbe på barneheim, med gateborn eller andre som har det veldig vanskelig. Sidan eg ikkje visste noko anna tenkte eg at eg kunne bli lærar. Ikkje fordi det høyrdast så kjekt ut å lære vekk matte og naturfag, men kva skulle eg ellers bli? Eg ville jo jobbe med folk! Akkurat det å jobbe med folk har eg forresten vore sikker på heilt sidan bakardraumen vart ute av syne og ute av sinn. Til slutt enda eg altså opp som sosionom. Her sit eg med utdanninga, fast jobb som kyrkjelydspedagog - og lurer på om eg valgte rett til slutt. Ikkje det at eg angrar, eg er sikker på eg får god bruk for sosionomutdanninga mi uansett kva eg kjem til å gjere vidare, eg berre veit ikkje sikkert om eg nokon gong kjem til å ha tittelen "sosionom". Sosionom i utlandet og som misjonær høyrast særdeles fristande ut, men det er altså den norske sosionomen eg slit litt med. Og i tillegg dukkar andre draumar stadig til overflata.

Den gamle draumen som har dukka opp på nytt no er nemleg: gatemusikar! Etter min sunne fornuft høyrast det heilt ypperleg ut! Hadde eg berre vore flinkare i musikk skulle eg jammen meg blitt gatemusikar. Eg hadde fått reist mykje, møtt mange nye folk og opplevd mange kulturar. Fantastisk! I tillegg får ein jobbe med å skape kontakt med publikum, og publikumsmengda er (forhåpentlegvis) passe lita/stor til at ein får sett kvar enkelt, ein er på deira nivå (i motsetning til på ei scene åleine der framme) og har ei unik mulegheit til å kommunisere med publikum. Fortelle små historier, spørje spørsmål for å få litt tovegskommunikasjon, synge nokre eigne songar, synge kjende songar som publikum blir i godt humør av å mimre til... Det økonomiske er såklart ei utfordring, men med nok sjarm og talent klarer ein seg iallfall frå hand til munn. Gatemusikar høyrast i mine øyrer rett og slett ut som eit av dei kjekkaste yrka ein kan ha!

Eg innser dessverre at denne draumen ikkje er den enklaste å oppnå. Og så det er sagt: det er ikkje panfløyte-gatemusikar eg snakkar om, men slik som spelar gitar, munnspel, tromme og syng (på ein gong!). Eg måtte nok ha nøyd meg med gitar og sang, kanskje munnspel. Gitar kan eg spele litt på, eg er ingen sangar, eg har munnspel, men har aldri lært å spele på det... Eg må øve! Så kanskje, når eg ein gong blir pensjonist og har livet framføre meg, kan eg spe på pensjonen med å vere ei omreisande, særdeles sjarmerande, gamal dame som syng eigne låtar, har gitaren på magen og munnspelet rundt halsen. Framføre meg står gitarkassa full av klistermerke frå alle plassane eg har vore. Å spele åleine virkar litt kjedeleg, så mannen min er nok også med. Og saman spelar vi oss gjennom land etter land, med campingvogna som bustad, eit stort smil om munnen og Jesus i hjertet. Ja, det blir tider, det...

Ingen kommentarer: