Tidsperspektiv
Noa brukte 120 år på å bygge arka! Ikkje så rart med tanke på kor stor den var og kva utstyr dei hadde på den tida. Og han var 600 år gamal då flaumen kom. Tenk å vere så gamal! Då er det snakk om å ha livserfaring, då. Eg med mine 24 år har jo nesten ikkje levd i forhold...
Størrelse
Arka skulle ha plass til massevis av dyr og mat og vere bygd slik at den kunne flyte på vatnet, så den måtte jo ha ein viss størrelse. Ein alen er nesten ein halv meter, så omgjort i meter var arka ca 150 m lang, 25 m brei og 15 m høg. Det er jo svært! Faktisk nokre meter større enn hurtigrutene som går langs norskekysten.
Dyra
Dyra skulle kome parvis: herr og fru nasehorn, herr og fru sjiraff, herr og fru hjort osv. Og sju par av reine dyr, for nokre av dei måtte etterkvart avgå med døden som offer og mat. Det tok ei veke før alle dyra hadde kome inn i arka. Men tenk kor fascinerande at Gud gjorde det slik at f eks herr og fru skrukketroll og ekteparet edderkopp kom seg om bord utan å bli trampa i døden av ein ivrig herr elefant eller ei hoppande spent fru kenguru!
Generelt
Nokre andre ting fascinerar meg også. T.d. korleis levealdaren i følge Bibelen sank etter flaumen. At det har vore funn opp i gjennom som tyder på at havnivået ein gong har gått over fjella. Ein teori om at jorda før flaumen hadde eit tjukkare lag vatn liggande rundt som så regna ned, noko som igjen førte til endring i klimaet på jorda (jamfør den endra levealdaren), osv.
Men...
Mest av alt er eg imponert over korleis Noa stolte på Gud. Det er jo ei tragisk historie i grunnen. Menneska gjer så mykje gale at Gud angrar på at han skapte dei - og det endar med at dei døyr i hopetal. Men Noa ville følge Gud, sjølv om folket var i mot han. Han får beskjed om å bygge ein gigantisk båt midt på land, langt frå nokon stad å sjøsette den. Og han gjer det! I 120 år jobbar han med å få i stand den svære båten han meiner Gud har sagt han skal bygge. Og det viser seg jo at det i høgste grad lønte seg å stole på Gud den gongen også.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar